Besøk av brannfolk
(04.10.06)
Fredag 29.09. hadde 2. klasse ved Skånevik skule
besøk av brannfolka Jørgen og Solveig. Den timen lærte vi
mykje om både røykvarslarar og kva vi skal gjere om det
startar å brenne der vi er. Dette var ein Jørgen som vi
ikkje kunne putte i sekken. Det kan vi nemleg med
klassebamsen vår som og heiter Jørgen. Han fekk sjølvsagt
vere med han og.
Vi fekk eit hefte med mange kjekke bilder
og oppgåver vi kan gjere sjølv seinare, heime eller på
skulen. Solveig gjekk gjennom heftet, og vi fekk gjort mykje
av det i timen og. Jammen fekk vi ein brannhjelm og. Når
timen var slutt, og Jørgen og Solveig gjekk, var kommentaren
frå borna: "Skulle ønske dei kom att ein annan gong og". Det
må vera bra attest!


Plommeplukkarane i
2. klasse
(04.10.06)
Elevane har skrive sjølv om plummeplukking:
Me gjekk opp til Plantefeltet.
Vi plukkte kjempemasse plommer.
Meg og læraren samarbeidde.
Det var 9 kg plommer.
Det var gøy å plukke.
Me fann masse gule plommer. Dei var små.
Eg og ein annan gut fann eit tre med masse plommer på.
Eg og ein annan gut jobba i lag.
Me fann ikkje så mange plommer. Det var vanskeleg å klatre.
Vi elskar plommesyltetøy.
2. klasse
Dans
(05.11.06)
I fire veker i september stod dans på
programmet i musikk for mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Ingebjørg
Markhus var instruktør i Swing og det swinga skikkeleg i gymsalen
denne tida. Elevane fekk læra seg fleire turar og dei aller fleste
synest dette var kjekt å få med seg. Litt skummelt er det jo for dei
yngste elevane å danse jente og gut i lag.... men alle overlevde.
Takk til Ingebjørg for god innsats!

Sri Lanka-Marknad
(05.11.06)
Også i år markerte skulen FN-dagen med
open dag på skulen.
Torsdag 26. oktober arrangerte 1.-4. klasse Sri Lanka Marknad.
Det kom mange på besøk og me fekk inn 7500,- til Forut sitt
arbeid. Flott!
Gjennom Forut sin barneaksjon har elevane
blitt kjend med Vasana og familien hennar på Sri Lanka. Me har høyrd
forteljingar, sunge songar og sett film.
På marknadsdagen var det først litt program
der elevane las dikt, song og dansa. Etterpå var det sal av
Forut-varer og ting elevane hadde laga sjølv. Dessutan var det
lotteri, loppemarknad og kafe.
Pengane me fekk inn går til byggjing og
oppussing av barnehagar og senter for barn i Mattakkuliya på Sri
Lanka der Vasana bur.

Fjelltur
(05.11.06)
Fredag 15. september var heile skulen på fjelltur. Det var eit
nydeleg haustver og berre blide elevar. Dei ulike klassane gjekk
litt ulike løyper: 1.-2. klasse gjekk litt oppanfor Valdra, 3.-4.
klasse gjekk vidare til Strandahaugane. 5.-9. klasse gjekk
Seterveien og nokon gjekk heilt ut til Leknesvatnet. 10. klasse
gjekk til Nordfjell. Det var altså elevar i heile Skåneviksfjellet
denne dagen!

Engelske tekstar om bygda vår! (12.11.06)
Hausten 2006 har me i 7. klasse i engelsken laga
tekstar
som handlar om bygda vår.
Her kan du sjå dei!
Fehussvingen (14.12.06)
Tidlegare i haust var 1. og 2. klasse
i saman på tur til Fehussvingen. Her kan de sjå bilete frå
turen:


Utstilling (14.12.06)
Utstillingsskapet i inngangspartiet til skulen er nå fullt av flotte
formingsprodukt.
Bilda gir eit lite inntrykk av utstillinga akkurat nå, men ta ein
tur innom skulen og studer dei flotte elevprodukta. Kanskje noko av
det hamnar under juletreet?

Skulegudsteneste (15.12.06)
Fredag 15.desember var heile
skulen og barnehagen samla til skulegudsteneste i kyrkja. Det er
fleire år sidan alle var samla i ei gudsteneste, og det vart ei
koseleg stund. Elevar frå 3. og 4. klasse tende lys, barnehagen og
mellomtrinnet deltok med sang, elevar frå 7. - 9. klasse las tekst
og to elevar framførte eit stykke på kyrkjeorgelet. Presten las
historien "Martin skomaker" med lysbilete til som preik.

Mellomtrinnet framfører "Josefs
julevise"
Vinnarar av idrettsskjoldet
(21.12.06)
Det var 8. klasse som vart vinnarar av idretsskjoldet som vart
utdelt siste dag før jul. I juni hadde me idrettsdag, og utfrå nøye
utrekning av dei beste resultata var det 8. klasse som stakk av med
sigeren.

9. klasse vann matematikkalender!
(18.01.07)
Ungdomsskulen hadde i desember ein lokal
kalenderkonkurranse i matematikk. Kvar dag vart det servert ei
ny matematikknøtt som dei skulle prøva å løysa. I 9. klasse
løyste alle elevane i klassen desse og vart lokale vinnarar, og
premien vart ein tur på Larsen.
Men 9. klasse nøya seg ikkje med det! Dei
sende inn resultata til
www.matematikk.org og vart ein av 4 ungdomsskuleklassar i landet
som vann. Premien her var matematisk utstyr til skulen for kr
2000,-! Gratulera!
Rikskonsert for 1.-7. klasse
(18.01.07)
I
dag var det rikskonsert for elevane i 1.-7. klasse. Musikarane Carl
Petter Opsahl og Åsmund Reistad var på besøk, og engasjerte elevane
med "Musikk frå ein blå dal".
Endeleg
kom snøen! (24.01.07)
Langt ute i januar kom endeleg snøen
som me alle hadde venta på. Akebakken har blitt mykje brukt dei
siste dagane, og det er mange blide ungar ute i friminutta.
Bilda nedanfor er frå tysdag, då 1., 5. og 6. klasse kosa seg
ute i snøen.

Server
(15.02.07)
Me har laga forliset ved Fedje. Det blåste storm
og båten gjekk på grunn. Den knekte i to og olja rann ut. Det
regna og var masse vind. Men alle folka på båten vart redda. Det
var masse olje på sjøen. Men mange fuglar fekk olje på seg. Då
kan dei dø. Nå er det mange som ryddar og prøver å hjelpa
fuglane. Me håpar at det går bra.
Helsing 2. klasse


Åsatjødna
(15.02.07)
Måndag var me på isen og skøyta i lag med 1.
klasse. Det var kjempegøy. Me grilla pølse og pinnebrød. Så fekk
me boller som Judith hadde laga. Dei var veldig gode. Alle i
klassen prøvde skøytene. Me kan gå på skøyter for me gjekk på
Vatndal i fjor. Me hadde med oss varm drikke, kakao, te og saft.
Dagen etterpå hadde me berre litt gangsperr. Me vil ha meir is!!
Hesling 2. klasse



Matematikkens dag 2007
(15.02.07)
Torsdag 8. februar arrangerte skulen
den årvisse "Matematikkens dag". Heile skulen arbeida med
matematikk heile dagen på ulike måtar. Mellomtrinnet og
ungdomstrinnet var innom problemløysing, spel og geometri.
Elevane var delte i aldersblanda grupper, og det heile var lagt
opp som ein konkurranse. Småskulen hadde og aldersblanda grupper
og arbeidde med spel og problemløysingsoppgåver. Det var stor
iver og mykje aktivitet!
Sjå album!

Vinnargruppa ungdomstrinnet

Vinnargruppa mellomtrinnet
Valentinsball
(16.02.07)
9. februar blei det arrangert Valentines ball for 7., 8., 9. og 10.
klasse på Skånevik skule. Det var rundt 30 ungdommar som kom for å
dansa og kosa seg denne kalde fredagskvelden.Gymsalen var blitt
omgjort til eit romantisk festlokale, pynta med hjerter og raud
løpar.
Først vart det
servert grandiosapizza, før me tok til med swingkonkurransen!
Dommarane var vaktene som hadde stilt opp for kvelden, Ingebjørg og
Osvald. (kl 10 kom Tove og Sølvi og bytta med dei). Det talentfulle
paret som vann, var Annette og Aleksander, som begge går i 7.
klasse. Det blei også arrangert
Singstar-konkurranse, som Johanne og Marthe
frå 10. kl vann.
Ballets konge og
dronning blei Martin Skram Løhaugen og Charlotte Ytrenes Aastvedt,
som begge fortente tittelen! Dei mottok både ei krone og rose kvar,
og fekk dansa saman ved slutten av kvelden.
Kvelden var ein
knallsuksess, og me trur dei fleste som møtte opp fekk svingt seg
skikkelig!
- 10. klasse
-

Vinnarar av dansekonkurransen
Minotaur
(02.03.07)
6. februar fekk elevane i 8.-10.
klasse ei spesiell oppleving. Dei to kunstnarane Gitte
Bastiansen (dansar) og Mariano Pignatiello (biletmålar) kom og
hadde eit scenekunstprosjekt med inspirasjon frå myta om
Minotaurus. Etter førestellinga var det workshop der elevane
sjølv fekk danse og måle.

Vikinggarden på Bukkøy
(16.03.07)
Tysdag 14. mars var 5.-7. klasse ved
Skånevik skule saman med Fjæra skule til Bukkøy på Avaldsnes for
å læra om vikingane. Ein heil dag fekk elevane vera vikingar.
Her kan du
lese nokon av elevane sine forteljingar frå turen.


Skidag for heile skulen
(28.03.07)
Tysdag 27. mars var heile skulen til
fjells for å stå på ski. Ei gruppe reiste til Hordadalen, medan
størstedelen var på Seljestad. Det var eit strålande finte ver,
og ein nydeleg tur!

Hoppetaukonkurranse
(12.04.07)
I veke 16 og 17 skal elevane i 3.-7.
klasse hoppa tau til den store gullmedalje. Dei er med i ein
konkurranse som Nasjonalforeningen for folkehelsen arrangerer.
Kvar elev samlar poeng til klassen sin ved å hoppa i
friminuttane, og av og til i timane om dei får lov. Å hoppa tau
er godt for kroppen og hjarta, og er veldig kjekt!


UKM
(16.04.07)
I
helga var det fylkesmønstring
i Bergen, og 3 av skulen sine elevar deltok. Linn og Caroline deltok
med 4-hendig piano: "Minuett i G" av J. S. Bach og Leo Andre dansa
breakdance.
Sjå fleire bilete
og video
Vår!
(27.04.06)
Det nydelege vårveret lokka mange av elevane
ut på slutten av dagen i dag. Det var stor aktivitet med
hopping, klatring og leik.

Kassabilar
(28.05.07)
8. klasse held på og lagar 3 kassabilar. Dei skal vera klar til kassabilløpet på
torgdagane.


Bedriftsbesøk (28.05.07)
I heile dette skuleåret har 1. klasse vore rundt på mange av foreldra
sine arbeidsplassar. På den måten blei me kjend med bygda
vår. Nokon har allereie bestemt seg for å bli
gravemaskinkøyrarar når dei blir store... Her ser de bilete frå
der dei har vore:
 |
 |
 |
|
Barnehagen April-07 |
Bøthun
Nov-06 |
Fiskeoppdrettet April-07 |
 |
 |
 |
| Hotellet
Des-06 |
Johansen
Rør Mai-07 |
Mars-07 |
 |
 |
 |
|
Sjukeheimen Feb-07 |
SMV mars07 |
Skånevikstrand
Maskinstasjon Mai-07 |
Teknologi og Design
(28.05.07)
Torsdag 24. mai hadde skulen besøk av
Dagfinn Aksnes. Han har drive ein del prosjekt med Teknologi og
Design for elevar. Dette fortalde han om for elevane i 7.-9.
klasse ved skulen. Etterpå var det brubyggjing med spaghetti! I
neste veke skal elevane prøva å nytta plast som byggjemateriale.

Animasjonsverkstad (28.05.07)
I mars var 8.-10. klasse i Etne og fekk
lære ein del om animasjon. Dei fekk og høve til å prøve ulike
teknikkar.

17.
mai feiring i flott vårver
(28.05.07)
17. mai vart i år feire i og ved idrettshallen. Derfor fekk toget ein
ekstra lang veg. Men skuleborna var flinke til å gå fint og laga
liv. I år var det 10. klasse som vann pokalen for å ha gått finast i
toget.
"Eg
byggjer meg ein båt"
(15.06.07)
Fredag 25. mai fekk elevane i 6. og 7.
klasse læra litt om korleis ein færing vert til då skulen hadde
besøk av Bjørn Arve Lunde og Johanne Øvstebø Tvedten frå
Sunnhordland Museum. Dei hadde med seg ein halvferdig færing i
halv storleik. Gjennom forteljing og aktivitetar fekk elevane
lære kva verktøy og tekinkkar ein brukar, og kjennskap til ein
del uttrykk frå båtbyggjartradisjonen.
Elevane vart delt på tre stasjonar. På den
eine stasjonen skulle dei spikke ein trepinne rund og på den andre
bora dei hol i denne og klinka i ein koparnagle. På den tredje
stasjonen fekk dei prøva seg som båtbyggjarar med å setje saman
byggjesettet av ein færing.


Vann redningsvestar!
(18.06.07)
Redningsselskapet inviterte 1. og 2. klassingar i heile landet
til å illustrera Elias-reglane. 401 skular med til saman 654
klassar og 9554 elevar deltok i konkurransen. Illustrasjonar i
form av legolandskap, video, foto, tekstilarbeid, collager,
maleri og teikningar har kome inn til Redningsselskapet i store
mengder.
Me i
2. klasse ved Skånevik skule lagde ein teiknefilm og var ein av
dei heldige klassane som vann! Me vil ønskje alle kjende ein god
sommar, og bruk redningsvest!

Kyrkjesteinen
(22.06.07)
I byrjinga av juni var 5. klasse på klassetur
til Kyrkjesteinen. Det var ein flott tur i strålande ver!


Kyrkjesteinen Vår-07
Rettferdig handel?
(22.06.07)
Ingrid
Birkenes har skrive ein god artikkel om rettferdig handel:
"Rettferd, kva er det eigentleg? Og finst det
mest rettferd eller urettferd her i verda? Det er i alle fall lett å
sjå mykje som er urett! Det finst små ting i livet som kan
virka feil for oss, som f.eks. forskjellige fordelar nokre har; å vera mest
attraktiv eller mest sosial til dømes. Så finst det også dei litt større
tinga; som å vera født inn i ein rik eller i det minste trygg familie, i
motsetnad til å vera fødd inn i ein alkoholisert og oppsplitta heim. Eg vil i
alle fall seia at det er urettferdig i forhold til den med ulempa. Det er jo til
sjuande og sist ikkje nokon sin feil, det er berre, ja, nettopp urettferdig
(...)
Difor har eg i denne artikkelen valt å fortelja dykk litt om ein
organisasjon som faktisk har tatt steget vidare, og gjort noko med
ein liten del av problemet fattigdom. Den har i tillegg gjort det
både enkelt, og til og med lønsamt for alle normale folk i rike land
og hjelpa til. Organisasjonen heiter Fairtrade Max Havelaar."
Les heile artikkelen
Skånevik skule med vinnarfalks!
(22.06.07)
Ved
å sende inn resultata frå svømmeundervisninga dette skuleåret vart
skulen med i ei trekning som Norges Svømmeforbund arrangerer.
Skånevik skule var ein av tre skular som blei trekt ut og vann
gåvekort på kr 5000,- hos Klubben AS. For desse pengane blir det
kjøpt inn mykje kjekke uteleiker og utstyr til kroppsøving for dei
yngste.
10. klasse takka for seg
(22.06.07)
Torsdag
kveld hadde 10. klasse sin avslutningsfest. Det vart servert mykje
god mat, me fekk sjå bilete frå Londonturen og video frå dei gjekk i
1.-7. klasse. Dei hadde og skrive ein eigen song der dei oppsummerte
tida si her på skulen på ein humoristisk måte. Tidlegare lærarar
"talte" og kom med mange lovord om denne gjengen som nå avsluttar si
tid her på skulen. Det heile vart avslutta med at rektor delte ut
vitnemåla.

Bilder frå skuleåret 06/07: