|
Våren
2008 (23.06.08)
Her
er litt av det 6. klasse har gjort på i vår, og nokre
forteljingar me har skrive.
TURAR
Me
har vore på ein del turar, både korte og litt lengre. Her er om
nokre av dei: Me har i norsk jobba ein del med å bli flinkare
til å skriva forteljing bl a å bruka skildringar. Ein dag fekk
me oppgåver i naturskildring to og to. Me gjekk til Kvitale for
å gjera oppgåvene. På vegen vart me inviterte inn i felles
fjosen og fekk sjå på når dyra fekk silofor. Det var
interessant. Fin tur til Kvitale vart det også. Litt tid til
leik vart det også; nemleg :Gøyma og leita. Den leika me då me
var til Øsphaugflaten og i bøkeskogen også.
Ein
lengre tur vart det då me på fjelltur på Molnes. Første mål var
Kyrkjesteinen. Dit kom me på ca ein time. På vegen opp såg me bl
a restane av eit gammalt fehus dvs eit hus der dei av og til
hadde kyr og kalvar inne i gamle dagar. Lenger oppe såg me muren
til eit gammalt sel der det hende at folk overnatta når dei var
langt oppe i skogen for å mjølka kyr.
På
Kyrkjesteinen hadde me første stopp, men etterpå gjekk me opp på
Snauafjellet. Der sat me og åt nista vår og såg på den flotte
utsikten. Etter ei stund sprang me ned igjen til Kyrkjesteinen
og leika.
KYRKJESTEINEN



SNAUFJELLET , utsikt (
Taraldsøy nærast)


TREFOTESTEINEN

KAFFIKVEDNO

28. mai var me på
sykkeltur til Handelandsdalen. Det var ein fin og kjekk tur. Me
grilla og kosa oss. Nokre bada i elva.



Den
4. juni hadde mellomtrinnet sykkeldag, teoridel og praktisk del.
I klassen vår gjorde Elisabeth det best på teorien og Andreas
det best på syklinga. Men samanlagt vann Kristina og Damian som
skal reisa til Bergen til hausten og forsvara klassen si ære i
fylkesmeisterskapen. Det viktigaste er likevel at alle har lært
meir om trafikk og om korleis met ryggast kan ferdast som
syklistar.
Veke
16 og 17 var mellomtrinnet med på ein landsdekkande
hoppetaukonkurranse arrangert av nasjonalforeininga.. Alle hoppa
mykje. I Skånevik hadde helselaget lova 500 kroner til den
klassen som hoppa mest. Det vart me som vann. Me vart i ganske
god form dei vekene, men endå betre var at me var saman heile
tida og hoppa. Det er med og knyter oss saman.

Me
vann forresten pokalen for fin framferd i 17. mai toget også. Me
ingen har funne pokalen enno.Me har hatt både skidag og
idrettsdag. Det var kjekt.
Me
laga også til bursdagselskap for læraren vår. Ho vart veldig
overraska, og me hadde det koseleg.

Dei
siste skuledagane skal me bruka til rydding, øving på
dramatisering til skulegudstenesta, bading og kos.
Frå fjellturen hausten-07
- 7. klasse:


Heile
skulen på fjelltur!
(19.09.08)
Forrige
tysdag var heile skulen på fjelltur. Dei yngste var til Valdra og
Erikstien. Dei eldste var til Varleite. Nokon gjekk vidare til
Stødlahetta og nokon til Tjellevatna. På Varite leika dei "Bom på
boksen" og nokon var til eit vatn og fiska. Me hadde fint ver og
kjekke turar!
Sjå flotte
bilete!
9.
klasse på tur til Handelandsdalen
(19.09.08)
Fredag 6. september var 9. klasse
på sykkeltur til Handelandsdalen. Med på turen hadde me mange gode
ingredienser til matlaginga, for dette var ein tur i faget Mat og
helse. Me grilla koteletter og woka grønsaker. Og maten smaka
nydeleg!

Kunstprosjektet "Staden min"
(11.08.08)
I mai var elevane på mellomtrinnet med på
kunstprosjektet "Staden min". Elevane var på Øspehaugflaten heile
dagen i eit strålande ver, og her kan de sjå resultata:


Bluesprosjekt (23.06.08)
Dette skuleåret har ungdomsskulen jobba
med blues i musikktimane. Det enda i mai i ei framføring for resten
av skulen. Elevane som spelte og song fekk og framføre songar på
Open dag, House of Blues og Torgdagane.
Sjå bilete frå prosjektet
Maling
av kalvebinge (23.06.08)
I februar fekk 3. klasse i oppdrag å
dekorera kalvebingen i den nye fellesfjosen på Tjelle. Det vart
mange fine teikningar av dyr, traktorar, løer o.l.



Opheim
(23.06.08)
1. og 2. klasse var på tur til Opheim i
mai. Der "fiska" dei og kosa seg.


Open
dag (23.06.08)
I april arrangerte skulen open dag. Då var
det høve for besteforeldre, foreldre, søsken og andre interesserte
til å få sjå noko av det me driv med på skulen. Elevane jobba med
formingsarbeid, robo-lego, stasjonsarbeid, friluftsliv, musikk og
data. Det var mange som var innom desse ettermiddagstimane, og
kafesalget gjekk godt. Til slutt samlast alle til ei framføring i
musikk som elevane i ungdomsskulen stod for.


Kokkekamp (23.06.08)
Like før påske hadde 6. klasse kokkekamp i
Mat og helse. Oppgåva var å tilbereda middag og dessert til 4
personar. Her ser de bilete av dei flotte resultata.

Karneval (23.06.08)
1.-3. klasse hadde karneval i mars. Med
sjølvlaga fargerike hattar, rytmeinstrument og song laga me
karnevalstemning på skulen. Til slutt hadde me leikar i gymsalen.


Motormuseet (23.06.08)
2. klasse var på besøk i motormuseet i
mars.

Diskotek (23.06.08)
I februar arrangerte 7. klasse diskotek
for 6. og 7. klasse. Her var det både limbodans, kåring av beste
dansarar og pizzaeting.


Tur til Opheim i mai-08
for 3. klasse:


Tur i mars-08 for
3. klasse:

7. klasse
på leirskule
Les korleis me hadde det på leirskule
januar-08!
Påsketur
(14.03.08)
Torsdag 13.03. var 1. og 2. klasse på
påsketur til Oppheim. Her var det tid til litt matematikkleik og på
menyen stod gule påskeegg. Kanskje fra "Påskehønene" på Oppheim?


Matematikkens dag (15.02.08)
For 7. år på rad arrangerte skulen
Matematikkens dag for alle elevane torsdag 7. februar. Dagen var
delt i tre økter: geometri, spel og problemløsying. Dei minste jobba
blant anna med tangram, spelte ulike spel og laga flotte bruer av
ispinnar. Mellomtrinnet og ungdomstrinnet hadde ein gruppevis
konkurranse, der dei samla poeng til gruppa si på alle tre øktene.
Vinnarane får tradisjonen tru ein tur på Larsen.





Vinnarar:


Nedanfor kan du lesa om litt av det 6. klasse har gjort på hausten-07. Du
kan også sjå bilete. (21.11.07)
Fridagar
Hodnet
Avis
Vitenskap
Leseprosjekt
Lesevaken
Skulekjøkenet
Sogespelet
Sopp
Tur til Oppheim
Fritida vår
Fridagar
Klasserådet har bestemt
at me jobbar ein time meir på tirsdagar. Det gjer me for å få
fleire fridager i år. I dei timane
jobber nokre med
Matte, andre med samfunnsfag, lesing, engelsk eller norsk. Me er
glade for at me kom på dette. Me synest at det er kjempegøy. Det
er me sjølve som bestemmer kva tid me har dei innsparte
fridagane.
-
Andreas
Hodnet
Den siste torsdagen i
september gjekk me til Hodnet. Me møtte på skulen til vanleg
skuletid. Dei som ville, kunne bli kjørt opp til Rabben. Alle på
mellomtrinnet gjekk til Valdra. Der delte me oss. Dei som
ville, kunne gå heilt til Hodnet. Meste parten av oss kom seg
opp. Dei som ikkje kom seg opp, kom i alle fall eit godt stykke
på vegen. Alle hadde med seg ei god niste og ein liten sjokolade
som me kunne kose oss med når me kom oss opp. Det tok ikkje så
lang tid å gå opp til Hodnet. Men det var nokre bratte bakkar
me måtte slita oss opp. Men me gløymde kor tungt det var å komma
seg oppover når me såg den fine utsikten og åt sjokoladen. Og
til slutt kom alle seg trygt og godt ned.
- Elisabeth
Som du ser av bileta, er
det fin utsikt på vegen opp. På toppen smaka det med kakao og
niste.

Avis
Me har halde på
med avis i ei veke nå. Me fekk Sunnhordaland kvar dag, ja, ikkje
kvar dag då for av og til kom ho ikkje :S...Me hadde og eit
hefte der det var oppgaver, og da måtte me bruka avisa for å
kunna gjera oppgåvene. Så nå kan me litt om avissjangrar,
ingress, brødtekst og mykje anna.
- Kristina
Vitenskap
Ein dag kom det
nokre folk til skulen. ( To damer frå Vitensenteret). Dei var
vitskapsfolk!!
Me var i gymsalen
og venta,og så kom dei inn. Dei gjorde ganske masse tull og
sånn, som f.eks: dei tok pulver i noko flytande og då kom det
fullt i skum opp. Dei hadde også eit pulver som laga ein svær
flamme viss du tok ei fyrstikke på det.
Dei hadde med seg
eit svært telt. Alle gjekk inni det. Der var det nesten heilt
mørkt, utan om eit lys som dei hadde med seg. Så når me då såg
opp i det telttaket, såg me at lyset laga det slik at det blei
ein stjernehimmel i taket på teltet. Det var litt trangt sidan
det var så mange inni der. Ho eina dama viste oss nokre
stjernebilde, og sa litt om dei. Dei fleste visste jo nesten
alle om då, i alle fall i min klasse.=) Alle blei svimle då ho
snurra på ”himmelen”. Me låg på golvet og kikka i taket. Det var
litt gøy og løye !
Etterpå skulle dei besøka nokre andre skular.
- Kristina
Leseprosjekt!
I norsktimane har
me halde på med eit leseprosjekt. Det har me halde på med i 8
veker! Heile Noreg har konkurrert om å få ein tur til London.
Det var sånn at
kvar dag las me nokre (eller mange) minuttar. Og så skreiv me
dei opp i ein leselogg som me fekk utdelt den første veka. Kvar
veke sette me oss mål i klassen om kor lenge me skulle lesa. Når
veka var slutt, rekna me saman alle si lesetid for å sjå om me
hadde nådd målet, og finna ut kven som hadde klart stjerne og
medalje.
Og heilt til
slutt skreiv læraren ned på eit spesielt kart kor masse poeng
alle elevane i klassen hadde. Kvar veke svarte me på to oppgåver
frå ulike land i Europa. Alle i klassen har lese kjempemasse.
Somme klarte å få medalje og stjerne kvar veke. Namna deira blir
sende inn.
-
Linda♥


Lesing i sofakroken

Dramatisering av Bukkene
Bruse

Høgtlesing for resten av
mellomtrinnet
Lesevaken
Me begynte å komma
kl.19.00 torsdagskvelden. Då me kom, la me på plass bagasjen,
altså madrass, dyna og sekken.
Etter det så gjekk me i
ballbingen, og der spelte me fotball i mørket. Det var gøy. Så
etter det gjekk me til kjøkkenet og spiste
pizza og kaka. Det var godt. Me hadde laga maten sjølv på
skulekjøken.
Så
gjekk me og les i boka vår. På mediarommet såg me video. Etter
det hadde me kanonball litt etter midnatt. Det var også gøy.
Me
leikte gøyma og leita i gangane ei stund. Så gjekk me til
klasserommet og fortalte spøkelsehistorier. Det var kjempe gøy !
Og då les me i boka vår og nokre sov.
Klokka åtte om morgonen hadde me felles frukost på kjøkenet. Me
gjekk heim når dei andre kom på skulen.
-
Alexander

Klare for frukost
Skulekjøkenet
I 6.kl og 9.kl har me
skulekjøken eller ”Mat og helse”, som faget eigentleg heiter. I
vår klasse har me 3 grupper, dei første gruppene var :
Kristina Marte Damian
Kristine Eg Andreas
Linda Elisabeth
Alexander Rebekka
Me lagar alltid god mat,
men av og til liker ikkje eg det så godt. Når me er ferdige, et
me det me har laga, og tar med litt heim viss me kan. Det er på
torsdagen me gjer dette.
-
Mari-Alice..!
Sogespelet
Den første
torsdagen etter me hadde begynt på skulen i haust, reiste me
til Etne på sogespelet.
Me reiste med
buss saman med 7. klasse. I Etne var me i amfiet og såg på
spelet om Kong Magnus frå Etne, ”Den unge kongen” . Heldigvis
var det fint ver.
Me jobba litt på
skulen også med Kong Magnus og tida han levde i.
-
Marte


Sopp
I naturfagtimen
skulle me ut og plukka tjuker.. . Då me hadde plukka dei, tok
me dei med heim til skulen og la dei oppå papp. Når det hadde
gått ei stund, begynte det å stinka inne i klasserommet.. Neste
naturfagtime tok me ein sopp kvar ned til sløyden. Me skulle
laga sprettballar så me smidde dei så runde så me fekk til … Ein
sopp som heiter gjærsopp lagde me rundstykke av..! Rundstykka
vart gode! Sopp er interessant å læra om! Og me har lært kjempe
mykje.. unyttig (hehe nei da). Nå har eg ikkje så masse meir å
skriva.
- Kristine

Tur til Oppheim
På ein mandag gjekk me
på tur til Oppheim dei to siste timane. Då
me kom opp, var det fint. Me leikte Bom 25, og me plukka
bjørnebær.
Etterpå gjekk me ned til skulen igjen. Men då me gjekk ned, var
det vått og vanskeleg å gå for steinane var glatte og våte. Og
bekkane var store.
-
Damian
Fritida vår
Eg
spelar masse fotball. Eg er masse med venner i fritida mi. Er
masse innpå pc, og det er gøy!!!
- Andreas
Fritida mi
er fotball, venner, gitar og trommer. Før likte eg ikkje
fotball, men nå likar eg fotball kjempe masse. Også fisking er
veldig gøy. I haust har me sett teiner etter krabbar og humrar.
Eg likar også å gå på tur.
- Damian
Hei
nå ska du få vita kva eg likar å gjera på fridtida.. Eg likar å
spela handball, fotball og piano, men yndlings hobbyen min er
riding=) ElSkEr hest.. og yndlingshesten min heiter Pelle. Eg
liker jo self å gå og shoppa og sånt og då..
- Kristine
Nå
skal du få vita lit om kva eg liker å gjera i fritida Oki. Eg
liker å spela fotball, handball, vera med i speidar, Ikkje så
masse piano, men det er gøy. Elles liker eg å vera med venner..!
- Marte
I
fritida mi pleier eg å sjå på tv –Eg er med på håndball og
speidar. Av og til er eg med venner – og har det gøy, men av og
til kjedar eg meg.
- Mari-Alice
Eg speler
masse fotball og er med vennene mine. Eg er også innpå pc’en min
det er gøy!!!
- Alexander
Hei!
Dette er ting eg liker å gjere i fritida mi: Ri, Handball,
Fotball, Piano. Elles likar eg å vere med venner og gå å shoppa
og sånt.J
- Linda
Eg
søv i fritida mi. Eg speler data av og til når eg kjedar meg! Eg
går på handball og speidar! Eg står av og til i mål på
handballen! I det siste har eg lese mange bøker og høyrt på
mange lydbøker.
- Rebekka
I
fridtida mi er eg med venner. Eg trener på handball på mandag.
Er speidar annan kvar onsdag. Eg likar og vera ute når eg er med
vennene mine.
- Elisabeth
Hallo=)
I fritida mi pleier eg å spela handball, fotball og gitar. Eg
går og på speidaren. Å så digger eg jo å shoppa og vera med
vennene mine!!;P
- Kristina
Prosjekter i haust (01.02.08)
Me hadde ulike prosjekter her på skulen i
haust som det ikkje er blitt skrive om før på heimesida vår. Her er
ei oppsummering: 6. og 7. klasse var
på Sogespelet i Etne:

1.-3. klasse hadde Forut-marknad i oktober:


Heavy-katten var på besøk til 1.-7. klasse:

Viten-på-hjul var på besøk og hadde opplegg
for alle klassane:


Juleverkstad på småskulen
(11.12.07)
1.-3. klasse var tysdag innom tre ulike
juleverkstadar: bake julemenn, lage klokkestreng i filt og
klippe/lime korger og englar. Det var full aktivitet heile dagen, og
her kan de sjå nokon av elevane i aksjon:


Fjelltur
(11.12.07)
Tidleg i haust var heile skulen på
fjelltur. Dei yngste gjekk til Smørklamp, og nokon tok turen heilt
opp på Heggelinuten. Ved Smørklamp brente me bål og spidda pølser.
Dei eldste gjekk til Hodnet. Nokon gjekk opp Erikstien medan nokon
kom over frå Håland.


Lucia
(13.12.07)
Torsdag i førre veke baka 3. klasse
Lucekattar saman med 6. klasse. I dag gjekk 3. klasse heile runden
på skulen med lys, song Lucia-songen og delte ut lucekattar til stor
begeistring for alle elevar og lærarar på skulen!

Juleverkstad for mellomtrinnet
(13.12.07)
I dag var det mellomtrinnet sin tur å ha
juleverkstad. Elevane baka julemenn, støypte lys og laga englar,
juletre og anna julepynt.



På
omsorgssenteret (14.12.07)
1.-3. klasse har den siste tida øvd
flittig på ulike julesongar. I dag gjekk me inn til Omsorgssenteret
og song både for dei eldre og saman med dei eldre. Der fekk me
servert både is og saft!

Gang
rundt juletre (18.12.07)
I siste time mandag gjekk 1.-3. klasse ned
på kaien og gjekk rundt det store fine juletreet.

Graut
(18.12.07)
Også i år laga FAU saman med elevar i 9.
klasse til graut til heile skulen. Det var dekka flotte bord rundt
omkring i dei ulike klassane.

|