Heile skulen på fjelltur!
(19.09.08)
Forrige
tysdag var heile skulen på fjelltur. Dei yngste var til Valdra og Erikstien. Dei eldste var til Varleite. Nokon gjekk vidare til Stødlahetta og nokon til Tjellevatna. På Varleite leika dei Bom på
boksen og nokon var til eit vatn og fiska. Me hadde fint ver og
kjekke turar!
Sjå bilete
Takk til Grete!
(19.09.08)
I
byrjinga av september gjekk Grete av med AFP. Ho har jobba her ved
skulen i omlag 30 år. Me vil takke ho for godt samarbeid og for alt
ho har gjort for skulen vår. Me ønskjer ho mange gode år framover
med reiser og andre fritidssysler som ho nå vil få betre tid til.
Marknad på Skånevik skule
(26.11.08)
Småskuletrinnet på Skånevik
skule hadde marknad 23. oktober. Me hadde kafè, lotteri,
loppemarknad og sal av Forutvarer og eigenproduserte ting. Elevane
las, song og dansa for dei frammøtte. Interessa frå slekt, venner og
bygdefolk var overveldande, og me fekk inn heile 10220 kroner.
Me er blitt kjende med Omis
frå Nepal gjennom temaarbeid, musikk og film. Pengane me samla inn,
skal gå til hjelpearbeid for barn i Nepal.
Takk til alle som støtta oss
på ulik vis!


Paraply- prosjekt
18.12.08)
5.kl. og 6.kl. har hatt eit
paraply-prosjekt der me laga paraplyar som me har dekorert
sjølv.
Me i 6.kl. og 5.kl. har hatt eit paraply
prosjekt der me dekorerer paraplyane sjølve. Det var kjekt.
Me begynte og velje temaet som skule vere på paraplyane.
Etter me hadde gjort det skule me teikne det på eit større
ark og teikna oppå paraplyane våre. Etter på brukte me
sprittusj og maling.
Når er alle paraplyane å sjå på
utstilling på kafeen Blonder og Blues.
- Anita
Leknes, 5. kl
Reiselivsmesse
(18.12.08)
I samfunnsfag har elevane
jobba med landa i Europa. Som eit resultat av dette arrangerte
dei reiselivsmesse, og inviterte både andre elevar og foreldre.
Joggedag
(17.12.08)
Tysdag
28.10. arrangerte me Skulejoggen for første gong. Løypa var ca 1 km
i kupert terreng, og elevane i 1.-10. klasse sprang 3, 4, 5 og heilt
opp i 10 rundar. Motivasjonen var at dei fekk eit lodd for kvar
runde dei sprang. I tillegg var det eit nydeleg haustver og saft- og
fruktstasjon halvvegs i løypa som verka motiverande. Det var så
mange blide og raude fjes å sjå uti løypa at dette var suksess, og
noko me vil gjenta kvart år. Enkelte elevar foreslo at me kunne ha
det kvar månad. Etterpå hadde me utdeling av diplomar for alle, og
trekning av ei "Skulejogg-t-skjorte" på kvart steg. I tillegg samla
me inn ein 20-kroning av dei som ønskte å støtta
solidaritetsaksjonen.


Basar til Redd Barna
(16.12.08)
7.
klasse hadde basar på langope førre fredag. Dei vil takke alle som
hjelpte til med gevinstar og loddkjøp. Resultatet vart kr 6861,- til
Redd Barna!
Juleverkstad
(18.12.08)
Småskulen og mellomtrinnet førebudde seg til jul med å ha
juleverkstad.

Juletrefest
(19.12.08)
Torsdag
kveld hadde 1.-7. klasse juletrefest der foreldre var invitert.
Først ute i programmet var 1. klasse som tente lys medan dei song
"Nå tenner vi det første lys" og "Lang tid tilbake hendte det". 2.
klasse hadde øvd inn Alf Prøysen sin song "Kva skal vi gjøre første
dag jul", og elevane hadde soloinnslag. 3. klasse hadde øvd inn eit
skodespel om Simon som dei framførte. Alle elevane i 1.-3. klasse
song den gamle julesongen "Det kimer nå til julefest". Deretter var
det 4. klasse sin tur, og dei framførte eit stort spel om Papapanov.
Mellomtrinnet
har øvd på linedance i heile haust, og framførte flott dans i
cowboykostyme. Etterpå song dei "Vi tenner våre lykter", medan dei
gjorde nettopp det: tente lykter! Til hausten skal det byrja 5 nye
1. klassingar og dei fekk koma opp på scenen og bli presentert. FAU
delte ut ei lita gåve til kvar av dei. Juletrefesten vart avslutta
med gang rundt juletre, og sjølvsagt kom nissen med mandariner!
Volleyballturnering
(19.12.08)
Onsdag
før jul hadde 8.-10. klasse volleyballturnering. Det vart ingen
store overraskingar: 10. klasse vann av elevane, og lærarane vann
over 10. klasse! Men nytt av året var 9. og 10. klasse si oppvising
i Linedance i pausen. Dette var eit flott innslag!

Grautfest
(19.12.08)
I
år hadde me planer om å ta grautfesten for heile skulen på "Juleøya
Peparen" sidan me har vore med og pynta den så fint til jul. Men
sidan veret slo seg vrangt blei grauten servert på skulen tysdag i
siste veka før jul. Hotellet laga grauten og nokre hjelpsame damer
var med og delt ut. For dei som var så heldige å få mandel vanka det
julesjokolade.

Her
er nokre dikt som 8. klasse har jobba med i Photostory hausten 08:
Ord
over grind
Alle
mann er døde
Den svarte
katten
Dette har 7. klasse gjort på hausten-08
Dette har me gjort på i haust!
Teknologi og design i
naturfag i 8. klasse: (23.01.09)



Utedag
(30.01.09)
Torsdag 29.01. hadde me
utedag på skulen sitt område. Me sagde ved, rydda "skog", brende
bål. laga kakao og kosa oss.





Kunstnarbesøk
(01.04.09)
Fredag
20. mars hadde 9. klasse besøk av kunstnar . Ho viste oss korleis me
kunne male stilleben.
Skidag
(01.04.09)
Torsdag
19. mars var heile Skånevik skule på skidag på Seljestad og i
Røldal. Nok ein gong hadde me eit nydeleg ver og mange blide fjes!

Skidag
(09.04.09)
Dette har elevane i 4. klasse skrive om
skituren til Seljestad:
- I går var me på ski
tur til seljesta.
- I går var vi
på Seljestad. Eg
satt på med Tore.
- Me var på skitur
til Seljestad. Eg satt i buss i ein time og det var den andre
gongen eg sto på ski. Me gjekk opp til Stølane og eg og David
sto på ski rundt eit hus. Og eg åt skjeva og eg åt ein
sjokolade. Så hadde eg Magnus Marius og David snø ball krig.
- I går
var me på skitur til seljestad. Eg
og Robert og David lagde snøhole. Det var gøy
- I går var me på
Seljestad og gjekk på ski. Det var andre gong eg hadde ski på
meg. Eg gjekk samam med Robert. Me gjekk først til Stølane. Der
åt eg nista mi. Etterpå gjekk me til
Kistefjell.
- I går var med på
skitur til seljestad. Me tok buss til seljestad.
- Ein torsdag kjørte
me på skitur til Seljestad. Me tok buss til Seljested i ein
heilt ny buss. Då me var framme starta me gå på ski. Me Gjekk
2-3 km opp til Stølane fra Seljestad. Då eg var framme i
Stølane var så sliten etter å gå 2-3 km
på ski at eg åt maten min det var godt med
mat. Eg og David og Remi prøvde å lage
snømann.
- På søndag var me på
skitur til Seljestad . Eg Hadde snøballkrig. Eg og Matias og
David og Marius og Sindre og det var gøy. Eg gjkk og på ski. Og
når me sko ned gjkk det fort og når eg var nede hadde me
snøballkrig.
- I går var me på
skitur til Seljestad. Me gjekk til Stølane, og der åt eg litt.
Me gjekk til Kistefjell, og etterpå åt eg kvikk-lunsj å drakk
kakao.
- Skitur til
Seljestad
I går var me på
skitur til Seljestad. Eg og alle dei andre jentene i klassen
satt på med Tore faren til Emilia. Alle gjekk opp til Stølane.
Me sto på ski det var gøy. Me rente ned bakkar det var gøy. Eg
var med Emilia, Josephine og Helena.. Når me skulle Heim stoppa
Tore på Åkrafjordtunet. Der spiste me middag og is og deser.
Arne farfaren til Emilia var Også med.1.kl og 2. kl var nede med
dei små bakkane. Noken gjekk opp til Kistefjell. Skituren var
kjempe gøy. Eg har hatt det kjempe gøy!!
- I går var me på
skitur til Stølane. Me gjekk opp på ski til Stølane. Når eg kom
opp til Stølane. Då sette eg meg ned til å ete så gjekk eg til
Kistefjell. Det var langt å gå. Me lekte bomba.
Etterpå gjekk me raskt ned. Så hadde
me snøballkrig før me for heim.
- I går var me
på skitur til Seljestad. Eg sat på med Tore.
Me hadde det gøy. Eg gravde ei hole. Eg var i lag med
Rebekka. 1.kl og 2.kl var ikkje der me skulle. Eg spiste
sjokolade. Og drakk brus. Og kakao. Det var gøy. Rebekka og eg
hadde ikkje stått så masse på ski. Men det var gøy der.
Skilpadder og
kyllingar laga av 3 klasse
(april-09)
Me
vevde skal på skilpaddene med tallerk og så sydde me beina,
hale og hovud på.
Me
var på sløyden og lagde kyllingar. Me sagde og pussa masse. Me
malte dei gule og limte på auga. Me tok masse bilete av
kyllingane og skilpaddene. Me lagde dei i kunst- og handverk.


Offisiell opning av bålplassen vår
(09.04.09)
Torsdag 26. Mars hadde 1. Klasse ved Skånevik skule høgtidleg
opning av den nye bålplassen. Vaktmesteren vår har laga den til,
og var sjølvsagt invitert til opninga. Etter snorklyppinga
steikte me lappar på bål, og dei smakte nydeleg. Me håpar på
mange koselege stunder rundt bålet for alle klassane på skulen.

7. klasse si engelske avis
(vår-08)
Engelsk avis om Skånevik
Skuleavis 5. og 6. klasse
På linkane under kan
de sjå meir frå dette halvåret på skulen. Elevane har laga
skuleavis i norsk, og tekstane er henta i frå denne.
-
Studie av vikingfunn
-
Skule på garden
I veke 22 og 23
jobba 5. og 6. klasse med:
Kvitebjørnprosjektet
(06.06.09)


Frå prosjektet sine nettsider: "Undrande og skapande" er visjonen
Løland-markeringa har teke i bruk for å karakterisera forfattaren og
mennesket Rasmus Løland. Ei viktig utfordring for prosjektet vert å
ta utgangspunkt i bornas fantasi og undring og lata kreativitet og
skaparkraft få utfalda seg med lokal kultur og identitet som
grunnlag.
Bildearkiv