 
Det er ni elevar i 5. klasse. Me har Eli Garvik som
kontaktlærar.

5. klasse hausten 2011
Hei!
Eg går i 5. klasse. Det er kult! Eg likar meg på skulen fordi det er
kjekt å læra. Me er 9 elevar i klassen. Det er 3 gutar og 6
jenter. I haust har me hatt nasjonal prøve i lesing og rekning.
Med skal ha 5 lærarar dette skuleåret. Dei er: Eli, Linda,
Theresa, Åse, og Aksel. Eli er kontaktlæraren vår. Eg synest at
matematikk er aller aller best. Det er fordi eg elskar å rekne.
Engelsk er på andreplass. Me har mange fag dette skuleåret. Det
er : mate, norsk, gym, naturfag, musikk, RLE, engelsk,
samfunsfag og data. Eg er elevrådsrepresentant dette året. Det
er veldig gøy.
Ja det var det eg ville fortelje
om 5.KLASSE no!
Frå 4. klasse

Her er tekst til
bilete av 4. klasse:
Her ser du den glade gjengen i 4. Klasse. Du ser Mathias og
Lilja oppå klatrestativet. Så er det dei andre frå venstre:
Kinga, Steffen, Aina, Isabell, Henriette, Andrea og Sander
Frå 3. klasse
Teatersminke
3. klasse utfoldar seg med teatersminke. Det å verta sminka i heile
ansiktet er ikkje berre berre. Nokon syntest det var deilig
medan andre syntest det var ganske så ekkelt. Dei jobba saman
to og to, alle fekk prøve både å bli sminka og å sminke sjølv.
Resultatet vart rett og slett skremmande...
Sjå album

Lucia
Mandag 14. desember
gjekk 3. klasse Lucia på heile skulen. I veka før hadde dei bakt
Lucekattar som dei delte ut til både born og vaksne. Eit hyggeleg
innslag i adventstida.

Stasjonsarbeid
Me har stasjonsarbeid to
gonger i veka. Kvar stasjon varer 12 minutt, og me har fem
stasjonar kvar gong. På stasjonane har me lesing, rekning, spel,
bygging, data og mykje meir. På ein av stasjonane er læraren
vår, og då kan me rekne saman eller me får lesa høgt for ho.





|