Folkemusikk
  Edvard Grieg
  Halvdan Sivertsen
  Åge Aleksandersen
  "Sammen for livet"
  The Kids
  DeLillos
 
Mods
  Vinskvetten
  Bjørn Eidsvåg
  Reidar Brendeland
  Vamp

 
 

Teori til prosjektet "Norsk Musikkhistorie"
U-trinnet våren 2011

Norsk folkemusikk

Folkemusikk er tradisjonsbunden musikk , gjerne utan kjend opphavsmann. Folkemusikken utvikla seg gjennom overlevering fra ein utøvar til ein annen, og blei ikkje skrive ned og dokumentert før i det 19./20.-århundre. Den norske folkemusikken oppstod i, og var ein del av det gamle bondesamfunnet. Musikken vart brukt både til arbeid og fest.

Nokre av sjangrane innanfor vokal folkemusikk er: Lokk, Bånsull, Stev og Skillingsvise

Ulike gamle dansar er: Gangar, Halling, Springar, pols

Frå og med 1800-tallet kom det nyare dansemotar til, og runddansane blei meir populære: Reinlender, Polka, Masurka og Vals

Typiske instrumenter er: Hardingfela, Langeleik, Seljefløyte, Bukkehorn, Lur og Munnharpe

bukkehorn-prillarhornet Click to view full size image 

langeleik                                Hardingfele


Edvard Grieg

Edvard Hagerup Grieg (født 15. juni 1843 i Bergen, død 4. september 1907 i Bergen) var ein norsk nasjonalromantisk komponist. Han er den norske komponisten som har fått størst internasjonalt gjennomslag.

Griegs mest kjende verk er truleg Konsert for klaver og orkester i a-moll. Andre kjende orkesterverk er Peer Gynt-suitene (bl.a. Dovregubbens hall, Morgenstemning). Som sangkomponist er Grieg i Norge blitt mest kjend med sine tonesettingar til dikt av Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg. I utlandet blei hans songar til tekster av Henrik Ibsen og H. C. Andersen lagt mest merke til.

15 år gamal begynte Grieg å studera musikk ved konservatoriet i Leipzig. Seinare tilbrakte han nokon grunnleggjande ungdomsår i København. Her møtte han dei nasjonalromantiske strømningane i tida. Avgjerande for utviklinga av hans stil som komponist var eit møte med Rikard Nordraak. Grieg begynte bevisst å ta utgangspunkt i trekk frå norsk vokal og instrumental folkemusikk, og lot dei gjennomsyra tonespråket.

I 1866 flytta han til Christiania. Etter nokon omflakkande år bygde Grieg eit hus utanfor Bergen. Her på Troldhaugen budde han i sommarhalvåret resten av livet. Grieg tilbrakte vanligvis vinterhalvåret utenlands, gjerne på konsertreiser som gjestedirigent eller klaversolist/-akkompagnatør for kona si, sopranen Nina Hagerup.

Frå 1903 fekk han stadig større luftveisproblemer, og utover våren 1907 forverra helsa seg betraktlig. Edvard Grieg døydde 4. September 1907. Bisettelsen var storslått, og titusenvis av menneske danna sørgeprosesjonen. Edvard Grieg si urne er satt inn i ei grotte ved Troldhaugen.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/pic/Edvard%20Grieg%2007/$file/grieg.gif

Les meir om Grieg på skulen si webside


Halvdan Sivertsen

Halvdan Sivertsen (født 5. januar 1950) er ein norsk visesangar og låtskrivar. Han er født i Tromsø, men er oppvokst og bur i Bodø. Han har vunne seks Spelemannprisar (to av dei med Gitarkameratene)

Sivertsen er også kjend fra barneprogrammet Labbetuss som gjekk på NRK-TV i store deler av 80-tallet.

«Kjærlighetsvisa» blei i juli 2008 kåra til tidenes nordnorske sommarlåt.

Andre kjende songar:

”Sommerfuggel i vinterland”

”Førr ei dame”

”Ti tusen tommeltottar”


Åge Aleksandersen

Åge Aleksandersen (født 21. mars 1949 i Namsos) er ein norsk rockeartist. Fra å vera ein av trønderrockens prinser i Prudence, er han blitt ein av Noregs mest populære rockemusikarar. Gjennom åra er det seld rundt 1,5 millionar plater med Aleksandersen, og praktisk talt alle platene sidan 1980 har seld til gull.

I oktober 2006 blei Aleksandersen utnemnd til Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk musikk- og kulturliv.

Andre kjende songar:

”Lys og varme”

”Akkurat no”

” Min dag”

”Janne Ahonens smil”

Åge Aleksandersen

 


”Sammen for livet”

Sammen for livet er eit musikkalbum utgitt til inntekt for sultramma i Afrika med Forente artistar i 1985.  Albumet startar med sporet «Sammen for livet» som blei ein hit i Norge dette året.

Sangteksten blei skrive av Halvdan Sivertsen og melodien av Åge Aleksandersen. Det internasjonale Band Aid inspirerte til initiativet, og Forente Artister var såleis ledd i ein større humanitæraksjon til fordel for dei sulteramma i Afrika på denne tida. Sangen og prosjektet fekk spesialprisen juryens hederspris under Spellemannprisen 1985.

Blant anna var desse artistane med:

 

 

 

 

 

 


The Kids

The Kids var, og er unntaksvis fortsatt, ei norsk populærmusikkgruppe med bakgrunn fra Sør-Trøndelag. Mest kjend medlem er Dag Ingebrigtsen. Gruppa blei stifta under namnet «The Kids» i 1979. Enkelte av medlemmene hadde spelt saman i andre samanhenger før den tid.

Den mest kjende låten, «Forelska i Lærer'n», toppa alle lister sommaren og hausten 1980. Eit særtrekk ved gruppa var at alle medlemmene hadde bleika hår. Dei var også først ute i Norge med å produsera ein eigen musikkvideo - til «Forelska i lærer'n». Debutalbumet Norske Jenter solgte til platinaplate. I 1981 ga bandet ut oppfølgaren Sønner av Norge, som var meir hardrock-inspirert . Albumet selde ikkje like bra som debutalbumet, og låtane frå dette albumet blei lite spelt på radio.

Etter at gruppa ble oppløyst vinteren 1982 var Dag Ingebrigtsen med på å grunnlegga TNT, mens Torstein Flakne blei hovedfigur i Stage Dolls.

I 2007 kom medlemmene i The Kids saman igjen, og gjennomførte opptredenar på utvalde stader i Norge i løpet av sommarhalvåret.


DeLillos

DeLillos er ei norsk poprockgruppa som blei danna i Oslo i 1984. Gruppa blir rekna som ei av dei mest markante i norsk musikkliv frå 1980-tallet og frem til i dag.

DeLillos kjennetegnes først og fremst gjennom frontfiguren Lars Lillo-Stenbergs tekstar og karakteristiske stemme. Dei har norskspråklige tekstar og bl.a. «Min beibi dro avsted» og «Tøff i pyjamas»er begge på debutalbumet.

Bandet har vunne Spellemannprisen to gonger.

Andre kjende songar:

”Neste sommer”

”Smak av honning”

 

Les meir på www.delillos.no


Mods

Mods er ei tidlegare norsk popgruppe frå Stavanger. Dei var kjend for å synge på stavangersk og hadde ei rekke hits fra 1980 til 1984. Mest kjende medlem er  Morten Abel Knutsen (vokal).

Morten Abel skreiv ”Tore Tang” berre 17 år gamal.

Under åpningshowet for kulturhovedstaden 2008 i Stavanger, framførte Morten Abel «Tore Tang», som blir rekna for den største Mods-klassikaren, for første gang sidan bandet blei oppløyst i 1984.

Andre kjende songar:

”Bare i nått”

”Revansj”

”Meg må du hilsa på (Du e misslykka)”

”Me to går alltid aleina”

http://t2.gstatic.com/images?q=tbn:ANd9GcSQkfLpfO0ylPBN_tif4jg3ZSNUn4HEvtb0SGuI6mjyE_XRVgY&t=1&usg=__pbdsO3pAwOQidEoph4i-txPgZwA=
Morten Abel, vokalist i Mods


Vinskvetten

Vinskvetten (Salhusvinskvetten) er ei revy- og musikkgruppa som blei stifta i 1975. Då var gruppa ein parodi på Salhuskvintetten. Gruppa held til i Salhus, som er ein tettstad i Åsanei Bergen. Gruppa spelte inn eit TV-program i 1983 som heitte «Livet i Råthåla”. Gruppa har gitt ut fleire album, tre av desse har fått gullplate. Mest kjent ble gruppen med «Peder ferjebillettør». ”Rånny Bruvik” er frå 1997.


Bjørn Eidsvåg

Bjørn Eidsvåg (født 17. mars 1954 i Sauda) er ein norsk sangar og komponist. Han har gitt ut 24 album sidan debuten i 1976, og han har blitt tildelt Spelemannprisen fire gonger. Eidsvåg er utdanna prest. Han er ein av Noreg sine mestselgande artistar.

Kjende songar:
Forbuden frukt
Gammal drøm
Eg ser
Barnemenneske
Ein fin liten blome
Shalala
Mysteriet deg
Bare en mann


Reidar Brendeland

Reidar Brendeland (født 19. juni 1951 i Sauda) er ein norsk artist og låtskrivar. I 1979 starta han Vestlandsfanden saman med fleire musikarar frå Haugesund. Samtidig som han arbeida med Vestlandsfanden var han aktivt med i 3 Busserulls i 2 år. Han har skrive låtar for Olav Stedje, Hanne Krogh, Ivar Medaas og Wenche Myhre.

Kjende songar:

”Flytta for meg sjølv”

”Livets glade gutter”

”Plommer i Hardanger”

 
Reidar Brendeland med Vestlandsfanden


Vamp

Vamp er eit norsk band frå Haugesund som blei starta i 1991. Bandet spelar folkemusikk kombinert med viser og rock. Dei har til nå gitt ut åtte studioalbum, fått ti gullplater, tre platinaplater og to trippelplatina og fem Spelemannprisar. Blant anna blei dei kåra til Årets spellemann under Spellemannprisen 2006 etter suksessen med I full symfoni som er eit livealbum frå konsertane med Kringkastingsorkesteret.

Dei aller fleste av tekstane er skrive av norske lyrikarar og forfattarar. Mest kjend er dei for samarbeidet med lyrikar Kolbein Falkeid som dei har samarbeida med gjennom heile karrieren. Falkeid står bak brorparten av tekstane på dei tre første albuma, og hans tekstar er blitt brukt på alle albuma. Det meste av musikken er skrevet av Øyvind Staveland og i starten av karrieren av Jan Toft.

Kjende songar:

”Godmorgen, søster”

”13 humler”

”Månemannen”

”Tir n’a Noir”

Les meir på www.vamp.no