GOD SOMMAR! (18.06.10)
Finvêret
er på plass og ferien står for døra. Fredag 18. juni er siste
skuledag. Då sluttar elevane kl 11.00 og skulebussen går umiddelbart
etterpå. Ikkje alle detaljane er på plass for neste skuleår. Ein del
nytilsettingar frå hausten gjer at ein treng litt meir tid for å få
kabalen/timeplanen på plass. For dei fleste er det inga endring når
det gjeld kontaktlærar.
Nytilsette er:
Åse Hjelmervik, Linda Helgeland, Theresa Hereide, Anne Gunvor Ness
Nedreskår. Me ynskjer dei velkommen til skulen og håpar dei
vil trivast i kollegiet, med elevar og føresette..
Elise Dørheim går av med pensjon etter mange år
ved skulen. Me takkar Elise for hennes innsats og ynskjer henne
lukke til i åra som kjem.
BALLBINGEN Ballbingen på skulen er eit flott
aktivitetstilbod i skule- og fritid. Håpar at den blir mykje brukt i
ferien. Det er ein presisering: Den må ikkje brukast mellom kl
23.00 og 08.00.
Då er den stengt. Ballane som treff ballveggen
lagar kraftig lyd og naboar har blitt forstyrra nattetid av
aktivitet i ballbingen. Fint om ein tek opp dette med ungdomane som
er seinare oppe sommarkveldane/nettene. Både dei som overnattar på
hotellet og som bur i nærleiken har krav på nattero.
Første skuledag etter ferien er onsdag 18.
august for 5. – 10.kl. og torsdag 19. for 1. – 4.kl.
Då vil underteikna på vegne av personalet ynskja
alle ein god ferie og takka for samarbeidet dette skuleåret.
Med helsing
Kjell Ingvald Matre
Rektor Skånevik skule
To frå Skånevik
(03.11.09)
Liv Marit Gordon har eit stort talent som
songar. Ved siden av m. a. jobben som reinhaldar ved skulen
vår har ho gitt ut fleire CD ar. Her fremfører ho songen
MESTEREN saman med flotte bilete frå Skånevikstranda tatt av broren
Orvill Åkra.Sjå
og høyr meir
Skulearket
desember 2008
(04.12.08) Me
er inne i adventstida, noko som sjølvsagt vil prega dei siste
vekene av semesteret.Det
er viktig å bruka tid i klassane til aktivitetar som skapar
forventning og set oss i julestemning.
Litt om det som skjer framover:
Laurdag 6: Elevane er blitt utfordra av bluesbygd prosjektet til å
vera med å forvandla Peparen til ei juleøy. Dette har vore eit
spennande arbeid. Resultatet vil ein kunna sjå laurdag 6. desember
kl 14.00. Då vil ordføraren opna juleøya.
Tysdag 16. Det
er blitt ein tradisjon at FAU/foreldre serverar graut til elevane og
personale i siste veka før jul. Normalt skjer dette i skuletida. I
år vil me prøva å gjera dette på ein annan måte. Det er gjort
ein stor jobb med å gjera peparen om til juleøy og då er det
viktig at den og blir brukt. FAU og skulen har derfor blitt einig i
at grauten i år skal serverast på juleøya Peparen tysdag 16.kl 18.00. Me må sjølvsagt ta atterhald om veret.
Grautsamlinga kan derfor bli flytta til måndag 15. eller bli
gjennomført på skulen. Me ynskjer at denne samlinga skal bli ei
familiesamling slik at alle som ynskjer kan bli med (ikkje
obligatorisk frammøte). Elevane betalar kr 20, familiemedlemer
utanom elevane betalar kr 30,- for grauten. Alle må ta med tallerk,
skei og kopp. FAU vil gjennomføra ei lita utlodding eller ein
tippekonkurranse som kan gi inntekt til FAU. Ta derfor litt ekstra
mynt med.
Det er viktig at føresette er med og har ansvar for borna/elevane. I
mørke vil det vera umuleg for lærarane å ha tilsyn med alle
elevane, sjølv om øya er opplyst.
Onsdag 17: Volleyballturnering
for u-steget frå kl. 11.30
Torsdag 18. Kl. 18.00 er det den årlege juletrefesten for 1. – 7.
kl. Elevane lagar programmet.FAU
arrangerar festen og foreldre er sjølvsagt velkommen. Spesielt
velkomne er elevane som nett skreiv seg inn på skulen.
Det
er viktig for å bygga opp den gode julestemninga at ein tek seg tid
til å vera med i desse førjulsaktivitetane
Fredag 19: Skulegudsteneste. Alle elevane og barnehagen har felles
gudsteneste kl 10.00Elevar
kjem til å bidra med song, opplesing m.m. og foreldre som har lyst
til å vera til stades er velkommen. Denne dagen sluttar elevane kl
11.00. For dei som har avtale om SFO, så startar den kl 11 og
stenger kl 14.15
Første skuledag etter nyttår er måndag 5. januar Me har ikkje skulemjølk denne dagen, så dei som
treng drikke må ta det med.
Underteikna
og personalet på skulen vil ynskja alle heimane ei riktig god
adventstid og jule-/nyttårshelg.
Helsing Kjell Ingvald
Skånevik skule vinnarar!
(26.02.08)
Førre skuleår sende både årets 2. og 6. klassingar inn eit bidrag
til "Mitt tre"-konkurransen i NRK sitt program "Naturens verden".
2. klasse hadde målt dei store trea like utanfor skulen, medan 6.
klasse var i Vannes og målte dei store eikene der. Like før jul
vart det lese opp i radioen at Skånevik skule kom på 2. plass
i konkurransen for skular, kjempeflott! Premien var bøker til skulen,
og caps og t-skjorte til alle elevane! Rett før vinterferien var det
premieutdeling, er me ikkje flotte vel?
Skulearket desember 2007
(08.12.07)
Me er inne i adventstida, noko som sjølvsagt vil prega dei siste
vekene av dette semesteret. Det er viktig å bruka tid i klassane til
aktivitetar som skapar forventning og set oss i julestemning.
Litt om det som skjer framover:
Tysdag 18.: FAU(saman med
elevar i 9. kl) lagar graut til alle elevane. Elevane må hugsa å ta
med djup tallerk, skei og kopp. Elevane tek og med kr 20,- til
graut. Gratumåltida vert fordelt omlag slik:
Kl 10.30: 1.-3. kl kl 10.45: 4.-7. kl
kl 11.30: U-steget
Onsdag 19.:
Volleyballturnering for U-steget frå kl 11.30
Torsdag 20.: KI 18.00 er det
den årlege juletrefesten for 1.-7. kl. Elevane lagar programmet. FAU
arrangerar festen og foreldre er sjølvsagt velkommen. Spesielt
velkomne er elevane som nett skreiv seg inn på skulen. Det er viktig
for å byggja opp den gode julestemninga at ein tek seg tid til å
vera med i desse førjulsaktivitetane.
Fredag 21.: Skulegudsteneste.
Alle elevane og barnehagen har felles gudsteneste kl 10.00. Elevar
kjem til å bidra med song, opplesing m.m. og foreldre som har lyst
til å vera til stades er velkommen. Denne dagen sluttar elevane kl
11.00. For dei som har avtale om SFO startar den kl 11.00 og stenger
kl 14.15.
Første skuledag etter nyttår er
torsdag 3. januar.
Leksehjelp: Frivilligsentralengår ut med tilbod om leksehjelp ein dag
(ettermiddag) i veka til elevar som ynskjer eit slikt tilbod. Dersom
nokon vil nytta tilbodet kan dei ta kontakt med underteikna. Dette
tilbodet har vore gitt på Enge skule i haust og har fungert bra.
Heimesida: Me er ikkje alltid like flinke til å oppdatera og leggja inn
nytt stoff på heimesida vår. Me prøver heile tida å betra oss. Nå er
sida oppdatert og det er ein del nytt stoff lagt ut. Ta ein kikk på
sida og kom gjerne med innspel til oss. Me legg ut bilete av elevar,
men unngår å leggja ut namn. Dersom nokon føresette ikkje ynskjer
bileta av sine born på heimesida, må dei ta kontakt med meg.
Underteikna og personalet på
skulen vil ynskja alle heimane ei riktig god adventstid og
jule-/nyttårshelg.
Helsing Kjell Ingvald
Skulearket desember 2006
(21.12.06) Sjølv om temperaturen er rundt 10 grader og me
snart regnar bort, viser kalenderen desember og aktivitetane på
skulen er prega av at det snart er jul.
Halvåret har gått fort og me ser attende på eit semester som har
vore prega av positivt samarbeid på alle område.
Fredag 15:
Skulegudsteneste. Alle elevane og barnehagen har felles gudsteneste
kl 11.30. Elevar kjem til å bidra med song, opplesing m.m. og
foreldre som har lyst til å vera til stades er velkommen.
Måndag 18:Kl.
18.00 er det den årlege juletrefesten for 1. – 7. kl. Elevane lagar
programmet. FAU arrangerar festen og foreldre er sjølvsagt
velkommen. Det er viktig for å bygga opp den gode julestemninga at
ein tek seg tid til å vera med i desse førejuleaktivitetane
Tysdag 19: FAU
lagar graut til alle elevane. Elevane må hugsa å ta med djup
tallerk, skei og kopp. Elevane tek og med kr 20,- til graut (samlar
inn på skulen)
Onsdag 20:
Volleyballturnering for u-steget frå kl. 11.30
Torsdag 21. er
siste skuledag før jul. Elevane har då undervisning fram til kl
11.00 og skulebussen vert framskunda til dette tidspunktet.
Første skuledag etter nyttår er onsdag 3. januar
for 5. – 10.kl og torsdag 4.januar for 1. – 4.kl.
Leksehjelp:
Frivillighetssentralen går ut med tilbod om
leksehjelp ein dag (ettermiddag) i veka til elevar som ynskjer eit
slikt tilbod. Dersom nokon vil nytta tilbodet kan dei ta kontakt med
leiar i Frivillighetssentralen Ole Funderud eller underteikna.
Elevar som tilbodet kan gis til er avgreinsa ut frå talet vaksne
leksehjelparar som kan vera med.
Underteikna og
personalet på skulen vil ynskja alle heimane ei riktig god jule- og
nyttårshelg.
Helsing Kjell Ingvald
Ei
flott fantasy-forteljing
(30.11.06) Den
kulturelle skulesekken i Hordaland har lagt ut forteljinga ”Furte
& Bistene” av Stine Sandvold og Ingrid Birkenes på
heimesida si. Forteljinga er ei av tre forteljingar som DKS brukar
for å syna korleis elevane har gitt respons etter besøk av
forfattaren Rolf Enger.
Den
kulturelle skulesekken legg til rette ulike tilbod for elvane i
grunnskulen, det gjeld konsertar, forfattarbesøk, revyar og andre
kulturelle opplevingar.
Det
var i vår at skulen hadde vitjing av forfattaren Rolf Enger med
emnet ”Møt Hobbiten og skriv fantasy”. Han gav elevane ei innføring
i korleis ein skriv fantasy-forteljingar. Elevane vart invitert til
å skriva forteljingar og senda til Rolf Enger. Dette vart
gjort, og me fekk ei vurdering av dei innsende produkta saman med
eit spørsmål frå fylkesbiblioteket om å få leggja "Furte
& Bistene" ut på DKS si internettside.
Underteikna
vil gi ros til Stine og Ingrid for ei fantasifull og flott
forteljing.
Rektor
Skulearket
oktober 06 (06.10.06) Til
heimane!
Tida går fort og det er ikkje lenge før haustferie. Dei
fleste klassane har hatt foreldremøte og eg vonar at samarbeidet om
klassane og elevane er godt i gong. Foreldrerådet og SU har ikkje
hatt møte så langt i år, men eg håpar å få til møte her like
etter haustferien.
Det har vore mykje fint ver til nå og elevane hadde ein fin
fjelltur fredag 15.sept.Eg
trur at det vart tatt nokre bilete frå fjellturen som kan leggast
ut på heimesida.
Me
har eit ønske om at heimesida til skulen skal gi foreldre og andre
interesserte eit bilde av korleis me har det på skulen og sjølvsagt
anna nyttig informasjon.Men
for at det skal bli slik er det viktig at me på skulen er flinke
til å legga ut stoff og oppdatera heimesida. Her har me ei
utfordring og me må bli flinkare. Gi oss gjerne tips om informasjon
som de som foreldre saknar.
KUNNSKAPSLØFTET Kunnskapsløftet
er ei av dei viktige utfordringanepå vår skule som på alle skular i landet dette skuleåret.
Det er sendt heim eit lite informasjonshefte frå
Kunnskapsdepartementet som gir ei lita orientering om kva som er
nytt i kunnskapsløftet. Sjølv vil eg understreka dette i den nye læreplanen:
Større
fokus på kunnskap. Det er ei oppgåve for alle å gi kunnskap
status, at det er viktig for borna si framtid. Dette kan
foreldre delta i med å visa borna sitt skulearbeid merksemd, ta
tid til å sjå på arbeidet deira og gi hjelp om det trengs.
Foreldre kan og motivera elevane for skulen og skulearbeid ved
å omtala skulen positivt.
Dei
nye læreplanane har tydelege mål for kva elevane skal meistra
på ulike trinn.. Kvar enkelt elev skal stimulerast til størst
mogeleg måloppnåing gjennom tilpassa opplæring. Varierte
arbeidsmåtar er eit verktøy i denne samanheng.
Sentralt
vert det og for skulen å gi elevar og foreldre ei god
vurdering/tilbakemelding på korleis eleven utviklar seg i høve
kompetansemåla og føresetnaden deira.
Meir
vektlegging av lese- og skriveopplæring i 1.kl.
FYSISK AKTIVITET OG HELSE Ei av
satsingsområda til skulen dette året er fysisk aktivitet og helse.
Me vil i størst mogeleg grad stimulera til fysisk aktivitetog til eit sunt kosthald. Oppfordrar derfor alle til å eta
sunne matpakkar og frukt dagleg. Helsesøstera har fast tid på
skulen annakvar tysdag frå kl.11.00 til 12.30. Då kan elevar få høve
til å snakka med henne om tilhøve dei er opptatt av innan eiga
helse og trivsel.
18. oktober har Miljøagentene (som er Noregs ledande miljøvernorganisasjon
for barn) invitert alle Noregs barneskuleelevar til å ta beina fatt
til skulen. Me oppfordrar derfor alle elevar som ikkje har farleg
skuleveg om å gå eller sykla til skulen. Denne dagen vil dette
verta registrert i klassane og sendt inn til Miljøagentane. Ein
klasse i landet vil verta trekt ut og få ein premie. Samtidig er
det ein klar oppfordring til at borna går meir og at foreldra til
vanleg ikkje køyrer dei til skulen.
Til
sist vil eg ynskja alle ein fin haustferie når den kjem til helga.
Håpar mange kan få nytta den ute i skog og mark.
Helsing Kjell Ingvald
Skulearket
juni 06 (19.06.06)
Så er det alt slutt på dette skuleåret og, - det går så
utruleg fort. Me kan sjå tilbake på eit godt skuleår/semester og
skulen vil takka føresette og elevar for godt samarbeid. Elevrådet
har synt stort engasjement for at alle elvane skal ha det godt og
tok derfor initiativ til mobbekontraktar.
Me veit at det har vært situasjonar som me kunne
vært forutan, men saman har me klart å få til gode løysingar og
ei positiv utvikling.
I
mai hadde skulen vitjing av skuleleiarar frå 11 land i Europa. Dei
ville gjerne sjå skulen og høyra korleis skulen og det lokale næringslivetsamarbeida. Lars Hovda fortalde om korleis SMV kunne dra
nytte av eit slikt samarbeid og elevar i 9.kl. fortalde om
arbeidsvekene og ulike prosjekt/oppgåver dei og andre elevar har
utført for næringslivet. All kommunikasjon gjekk på engelsk og
elevane gjorde ein kjempeflott innsats.
Mange av klassane
har vært på flotte turar i det siste, m.a. til Oppheim, Seteren,
Blomstølen, Eintveit, Stordalsvatnet, Kvinnherad og Sandvik. Ein
del føresette har vært med og veret har stort sett vore kjempebra.
Det er flott når elevane kan få slike positive opplevingar i
naturen.
På
tysdag skal 1. – 4. kl. delta i skulegudstenestesaman med barnehagen. Dette skjer i barnehagen sitt uteområde.
5. –10.kl. skal ha skulegudsteneste på onsdag kl. 10.00 og vert
veret bra vil det skje på bakken ved skuleplassen.Onsdag vil
skulebussen gå kl. 11.00
NESTE
ÅR Skulen
startar opp att etter ferien måndag 21. august kl .08.30. SFO vil
vera i drift same dagen Dei i 2. – 4. kl. som ikkje har sagt opp
plassen og dei nye som har søkt plass kan då nytta tilbodet. Svein
Ketil Løhaugen kjem neste år til å forlata oss og vert overført
til Enge skule.
Me
takkar han for flott innsats desse to åra han har vært her og
ynskjer han lukke til på Enge.
Store
endringar vert det elles ikkje neste år. Annlaug Sævareid vert
kontaktlærar for 1.kl., Olaug Sævereid for 2.kl, Eli Garvik for både
3.kl og 4.kl..og Paul Tungesvik vert kontaktlærar for 7.kl. Dei
andre klassekontaktane held fram med klassane dei har hatt i år.
PÅMINNINGAR Hugs å levera
inn bøker som høyrer til biblioteket. Lever og inn alle lærebøkene
slik at skulen får oversikt over kva ein har og om ein må gjera
innkjøp.Eg
vil og minna om heimesida til skulen: http://www.etne.kommune.no/skaanevik-skule/Her
kan ein sjå bilete frå aktivitetar i skulekvardagen og få
informasjon frå skulen. Målet vårt er å verta enda flinkare til
å oppdatera heimesida med informasjon frå skulen. Ny læreplan
skal takast i bruk til hausten og i samband med dette vil det nok
koma noko informasjon.
Til
sist vil eg på vegne av personalet på skulen ynskja elevar og føresette
ein god ferie.
Helsing
Kjell Ingvald
Matematikknøtter
- løysingar og vinnarar (07.01.06)
Haust 2005:
Nøtt 1 - Bamsemums: Anne, Bente og Cecilie skal fordela 6
bamsemumsar mellom seg. I staden for å dela likt
begynner jentene å diskutera kor mange ulike
fordelingar det kan bli med 6 bamsemums og tre
jenter. Det sjølvsagt forskjell på om for
eksempel Anne får 1 bamsemums eller om det er
Bente som får 1 bamsemums.
Kor mange ulike måtar kan dei fordela bamsemumsane på?
Alle skal ha minst ein bamsemums kvar, og det er ikkje lov å dela nokon bamsemums opp i mindre bitar.
Rett svar: 1-1-4, 1-2-3, 1-3-2,
1-4-1, 2-1-3, 2-2-2, 2-3-1, 3-1-2, 3-2-1, 4-1-1 = 10 ulike måtar
Nøtt 2 - Nesten
jenteklasse: I 9. klasse på Øvrebø skule går det 99
jenter og 1 gut. Alle saman er samla i gymsalen.
Kor mange jenter må forlata gymsalen for at det
skal bli 98% jenter igjen i salen?
Rett svar: 50 jenter må forlata
salen, slik at det er 49 jenter og 1 gut igjen!
Vår 2005:
Summen av tre heile
tal som kjem etter kvarandre, er 171.
Kva for tre tal er det?
Rett svar: 56, 57 og 58
Januar 2005:
Hege og Line fekk 10 rette i tipping og vann 330
kr. Hege hadde betalt 24 kr og Line 12 kr.
Korleis vil du fordela premien rettferdig mellom
dei?
Rett
svar:Line får 1/3 av premien, altså 110 kr og Hege får 2/3 av
premien, altså 220 kr.
Julenøtt 2004:
Kva blir dei to
neste tala i desse rekkene:
a) 1
5 6 12 24 ? ?
b) 1
8 22 43 ? ?
Rett svar: a) 48, 96 (du legg saman alle tala
tidlegare i rekka)
b) 71, 106 (du legg til 7, 14, 21, 28 osv. i 7-gangen)
Juni-04:
På ein klassefest er det 18 elevar
og til saman et dei 43 pølser. Nokon et 2 pølser og nokon et 3
pølser. Kor mange et 2 pølser og kor mange et tre pølser?
Rett svar: 11 stk åt 2 pølser og 7 stk åt 3 pølser.
Mai-04:
Stine, Olav, Nils
og Katrine er søsken.
Ingen av dei er tvillingar.
Olav er ikkje eldst.
Stine er yngre enn Katrine.
Nils er født før Katrine.
Olav er eldre enn begge søstrene sine.
Skriv ned
rekkjefølgja på søskena etter alder. Start
med den yngste.
Rett svar: Stine, Katrine, Olav, Nils
Mars-04:
Rett svar: 30 klossar.
Januar-04:
Lag eit
reknestykke med siffera: 1, 2, 3, 4 og 5 med
pluss- eller minusteikn slik at svaret blir 111.
Pass på at du bruker kvart siffer berre ein
gong.
Rett svar:
153 - 42 = 111 135 - 24 = 111
Skulearket
desember 05 (13.12.05)
Eit semester går fort, me inne i adventstida og mange ser
fram til juleferien. Klassane er
i gang med juleverkstad og anna aktivitet som høyrer jula til.
For ei tid tilbake hadde skulen ei
trivselsundersøking mellom elevane.
Dei fleste elevane
har det godt, MEN IKKJE ALLE. Nokre elevar trivs ikkje fordi dei
vert plaga på skulen og eller i fritida. Dette er ei utfordring for
elevane, dei tilsette og foreldre.
Mange born har ein
røff måte å vera på over for kvarandre som ikkje alle taklar og
som skapar mistrivsel. Elevrådet og personalet vil drøfta kva ein
kan gjera for at alle skal ha det godt.
Det er og viktig at
foreldre saman med sine born brukar tid på å snakkaom korleis ein kan ta vare på kvarandre og skapa trivsel.
Kanskje juleferien og jula sitt innhald kan vera eit godt høve til
å gi dette temaet merksemd.
Litt om det som
skjer framover:
Onsdag 14: Juleverkstad for
5. – 7.kl. Torsdag 15: Juleverkstad
for 1. – 4.kl. Fredag 16:
Skulegudsteneste. 1. – 4.kl. kl.10.00 og 5. – 10.kl. kl.11.30.
Elevar kjem til å bidra med song,
opplesing m.m. og foreldre som har lyst til å vera til stades er
velkommen.
Måndag 19:
Ungdomssteget har volleyball
turnering.
Kl. 18.00 er det den årlege juletrefesten for 1. – 7. kl. Elevane
lagar programmet. FAU arrangerar
festen og foreldre er sjølvsagt velkommen.
Det er viktig for
å bygga opp den gode julestemninga at ein tek seg tid til å vera
med i desse førejuleaktivitetane
Tysdag
20: FAU lagar graut til alle
elevane. Elevane må hugsa å ta med djup tallerk, skei og kopp.
Tysdag er siste dag for småskulen og
dei sluttar til normal tid.
Onsdag 21.
er siste skuledag for 5. – 10.kl. Dei har då skule fram til kl
11.00 og skulebussen køyrer då elevane heim.
Underteikna
og personalet på skulen vil ynskja alle heimane ei riktig god jule-
og nyttårshelg.
Helsing Kjell Ingvald
Utstilling
av formingsprodukt (07.12.05) Underteikna
vil gjera merksam på utstillinga i glasmonteren ved hovudinngangen
til skulen.Her
er mange flotte formingsprodukt i keramikk, tre, tekstil og teikning.
Bildet gir eit lite inntrykk av utstillinga akkurat nå, men ta ein
tur innom skulen og studer dei flotte elevprodukta. Rektor
Elevar
i 9.kl. har laga skuleavis!(29.11.05) Avis
er tema i fagplanen for 9.kl. og elevane har like godt tatt
utfordringa å laga ei avis som nå er klar som papirutgåve og
nettutgåve på skulen si heimeside. Avisa har fått namnet Skånoposten!
Med
hjelp frå organisasjonen ”Avis i skulen” og vitjing med gode råd
frå Haugesunds Avis har elevane gjort eit flott arbeid som eg håpar
folk i og utanfor Skånevik vil setja pris på. Elevane har fordelt
arbeid og ansvar slik ein gjer i ein redaksjon, skrive reportasjar,
fotografert, henta inn annonser m.m.
Gjennomgangstema
i avisa er yrke og arbeidsliv, men avisa har og nokre andre
reportasjar.
Kanskje
kan denne avisutgåva verta starten på ein tradisjon, ei avis laga
av 9.kl. kvart år.Til
9.kl. – gratulerar med avisa! Til
lesarane – kos dykk med ei elevprodusert avis!
Helsing
rektor
Linn
S. Jespersen vann teiknekonkurransen 2005
(26.10.05) ”Ditt
distrikt blir i desse dagar distribuert til alle husstandar og
bedrifter i Etne, Sauda, Suldal, Vindafjord og Ølen. Det er Linn S.
Jespersen frå Skånevik skule i Etne kommune som har teikna
framsida på katalogen.
Den 21. oktober kunne
juryleiar Reidun Amundsen utropa Linn S. Jespersen til vinnar av
teiknekonkurransen om framsida på lokalkatalogen Ditt Distrikt i
Etne, Sauda, Suldal, Vindafjord og Ølen. Til saman kom det inn 72
teikningar. Linn vann fotoapparat
og eit diplom, og ho har sjølvsagt fått vinnarteikninga si på
framsida av Ditt Distrikt. I tillegg har heile klassen fått 2000
kroner som kan brukast i samråd med læraren.
Oppgåveteksten
for årets teiknekonkurranse er ”Teikn kvardagshelten din”
(”idolet” ditt der du bur). Gjennom dette temaet ynskjer Ditt
Distrikt å engasjera borna til å teikna sitt idol, helt, førebilete,
eller ein dei beundrar.”
Dette skriv Ditt Distrikt i si pressemelding.
- Me
gratulerar Linn med den flotte prestasjonen og premien til både
henne og klassen.Det er akkurat
5 år sidan Skånevik skule vann teikninga til framsida på Ditt
Distrikt.
Då var det Ingrid
Olsen som vann. Håpar dette kan verta ein god tradisjon-
Kom og bli
med til eventyrland…Mellomtrinnet har laga eit
fint program med lokale segner og kjente eventyr.
Dette
vil dei visa i gymsalen
tysdag 23. nov kl. 19.00 Med
dette er du invitert. Det vert sal av kaffi og kaker i pausen.
På programmet elles…. 1.nov.:Innskriving av nye 1.klassingar 6. – 9. des: Tentamen for u-skulen 17. des: skulegudsteneste
Dette er det som er tidfesta så langt. Kjem med meir info om ting
som skal skje i adventstida seinare.
Då
ynskjer eg alle ei fin adventstid!
Ta
kontakt med skulen om det er nokodu
lurer på.
Helsing
Kjell Ingvald
Brukarundersøking
i skulen (11.11.04) Vi
har sett i gang eit prosjekt for å skape betre kvalitet i skolen. Då
er det viktig for oss å vite korleis du som føresett opplever
tilbodet.
Difor har vi laga ei brukarundersøking for foreldre til
elevar i 5. til 10. klasse og håper du har høve til å ta del. Ved
å svare på spørsmåla vil du gi oss god oversikt over område der
vi bør bli betre.
Spørjeskjemaet
og ein frankert svarkonvolutt ligg ved dette brevet som er sendt
alle foreldre til elevar frå 5. til 10. klasse. På spørjeskjemaet
er det eit passord som skal brukast éin gong. Du kan gå inn på
Internett på adressawww.bedrekommune.noog logga deg på med dette passordet og svare på
brukarundersøkinga.
Du
kan òg sendeskjemaet i lukka
konvolutt til skulen innan den 24.november.Alle svara blir behandla anonymt.
Dersom
du har nokre spørsmål om undersøkinga, må du gjerne kontakte
rektor, tlf. 53758522
Mange
av elevane ved skolen skal også vere med på undersøkinga. Dei får
eit eige spørjeskjema som dei skal fylle ut medan dei er på
skolen.
Det
er sjølvsagt frivillig om ein ønskjer å vere med på undersøkinga,
men vi håper at du på denne måten kan hjelpe oss med å laga ein
betre skole.
Takk
for hjelpa!
Helsing
Kjell IngvaldMatre
Rektor
Skulen
om lag 100 års praksis fattigare
(29.09.04) Personalet
takkar Inger, Njål og Olav for til saman om lag 100
års teneste ved skule.Mykje
skuleerfaring forlet med desse skulen. Me kjem til å
savna dei, men håpar at dei vil vera flittige til å
besøka oss.
Nye
datamaskinar på plass
(
23.04.04 )
Endeleg er dei nye datamaskinane på plass på
datarommet ved
skulen. Me har fått god støtte frå
næringslivet i bygda og vil takka alle dei som har
vore med å få dette til!
Krafttak
for nytt datautstyr på skulen Skulen
sitt datarom er mykje nytta, men utstyret er mildt sagt gått ut på
dato. I godt samarbeid med fleire interesserte har skulen tatt
initiativ for å fornya og oppdatera dette utstyret, slik at det
harmonerer med dei krav ein stiller i dag, når skulen har fått
installert breiband og fleire læreverk har deler av
lærestoffet lagt ut på internettet.
Sist
fredag var arbeidsgruppa samla for å avslutta den første fasen i
prosessen, og gjera opp status. Med alle tilsagn er me nå oppe i
eit fantastisk resultat: 200.000
kroner disponerer skulen nå til å fornya innhaldet i datarommet!
Resultatet
er ganske overveldande, og me på skulen er imponerte over den
viljen næringslivet har synt for å vera med på å setja skulen i
stand til å ikkje berre møta utfordringane av i dag, men òg dei
me vil møta i morgon. Dei som har vore med og støtta, er Skånevik
Næringsutvikling, Skånevik Ølen Kraftlag, Sunnhordland Mek.
Verksted AS, Johansen Rør AS, Skånevik Fjordhotell AS, SpareBank1 Vest,
Tungesvik Bygg AS, Spar/LR Christophersen og Ragnar Knudsen Trevarefabrikk. Stor takk
til dei alle, og honnør for ei positiv haldning til skulen og
Skåneviksamfunnet!
Nå
vil me på skulen, i samarbeid med datafolka i Etne, sørga for å
setja i verk neste punkt i planen: bestilling av utstyret. Kommunen
er i ferd med å inngå ein interkommunal innkjøpsavtale om slikt
utstyr, dermed ser det ut til at me nokså snart kan få godt utstyr
til ein god pris.
Klassefest
10 år etter
I slutten av september
hadde elevane som gjekk ut frå Skånevik skule for 10 år sidan
klassefest. 9 år på Skånevik skule setter spor og gir mange gode
minner.
Paul Tungesvik var klassestyrar og
viste gamleklassen sin rundt på Skånevik skule slik atein både kunne kjenna seg
igjen og få sjå korleis skulen nå ser ut. Etterpå var det god
mat og mimring i kafeteriaen i Idrettshallen. Paul hevda at han
hugsa svært få episodar frå åra han hadde oss. Det kan tyda på
at me var så eksemplariske at det ikkje var nokon episodar å
hugsa, eller at me var så håplause at han har fortrengt minnene...
Kari
Besøk
på siste skuledagen (
24.12.02 ) Fredag
20.12. var siste skuledag før juleferien og det var mykje som
skjedde denne dagen.
Nesten alle klassane på skulen var
samla nede i hallen om morgonen. Der vart det utdeling av
idrettsmerke til alle som hadde greid det. Dessutan vart 10. klasse
kåra til dei "sprekaste" på skulen sidan dei også i år
vart vinnarar av idrettsskjoldet. Vinnarane av matematikknøttene i
november og desember vart heidra med eit krus og tlttelen "Matematikk-geni".
Det var Margunn i 10. og Tommy i 9. klasse som var dei heldige.
Medan utdelinga heldt på kom den
eine gjesten etter den andre inn dørane på skulen, Paul Hovda frå
Skånevik Vekst, Sigve Leknes frå Sparebanken Vest, ordførar Amund
Enge og ein journalist frå Haugesunds Avis. Nå byrja ein å ana at
noko var på gang.
Arild Stenberg, Sigve Leknes, Amund Enge og Paul Hovda
Skånevik Vekst og
Sparebanken Vest hadde med ei gåva på 20.000 kr i tre år som skal
vera med å betra oppvekstvilkåra for ungdommen i Skånevik og
dessutan enda 20.000 kr i tre år som skal styrka kultur og
musikktilbodet. Les meir om
prosjektmidlane.
Etter jubel og stor
applaus for ei slik flott gåve vart skuledagen avslutta med
skulegudsteneste i kyrkja. Her fekk me oppleva elevar som var med i
kor og elevar som spela tverrfløyte. Preika var dessutan heilt
annleis enn vanleg med elevar som framførte drama under leiing av
Marit Wengstad og Øystein Kloster. Ei fin avslutning på skuleåret.
Prosjektmidlar
frå Skånevik Vekst og Sparebanken Vest (24.12.02 ) Hensikten
med stipendet er å betra oppvekstvilkåra for ungdommen i Skånevik.
Skulen får ein sum på 20.000 kroner
kvart år i tre år. Pengane skal nyttast til eit føremål som
aukar kvaliteten i skulen og på den måten gjer skulen til ein
aktiv medspelar i arbeidet med å gjera Skånevik til ein god plass
å bu, ein god plass å veksa opp, ein god plass å arbeida og ein
god plass å bli gammal.
Skulen er ei kompetansebedrift som disponerer store
personellressursar. Målet er at skulen skal engasjera seg i
praktiske oppgåver i nærmiljøet. Pengane kan t.d. nyttast til
prosjektoppgåver der det er trong for hjelpemiddel og utstyr som
skulen elles ikkje har råd til å kjøpa. Gjennom praktisk arbeid
vil elevar og lærarar saman arbeida med lokale produkt som vil
markera Skånevik på ein positiv måte.
Ein del av midlane kan òg nyttast
til trivselsfremjande tiltak for elevane som påskjønning for
innsatsen deira.
Med kultur som eit særleg satsingsområde gjev Skånevik Vekst og
Sparebanken Vest til skulen 20.000 kr året i tre år. Desse midlane
skal vera knytt til ei styrking av kulturtilbodet i bygda, m.a. med
musikk, dans og drama, men òg nyttast i arbeidet med å restituera
skulekorpset.
Som ein del av prosjektet gjev skulen
oppdatert informasjon om framdrifta i prosjekta gjennom skulen si
heimeside.
Skånevik
skule på nett (15.01 2002 ) Over
lang tid er det blitt snakka om og arbeida med å laga heimeside for
Skånevik skule. Endeleg er dette blitt ein realitet og skulen
er frå i dag av på nett.Nå håpar
me at denne heimesida skal verta ei informativ side for alle som har
interesse for skulen vår – elevar, foreldre, tilsette, lokalmiljøet
og andre.
Her vil
du finna ein del fakta om skulen, om råd og utval og om planar som
gjeld skulen/elevane.Me vil og prøva
å vera flinke tilå
leggja ut stoff som elevar produserar, glimt frå kvardagen på
skulen og spesielle prosjekt som skulen eller klassar driv.Me vil og koma med linkar til gode fagsider som
kan vera nyttige for elevane.
Skulen
ser det som viktig å bidra til at born brukar dette mediet til noko
positivt og lærerikt.
Me håpar
heimesida vert godt motteke og er glad fortilbakemeldingar, t.d. om det er noko du savnar.