|
|
|||
| Av
Kristine Ebne
Representantar frå Startour sto å venta på oss, klare til å ta oss med til leilegheita me skulle bu i den neste veka. Det å klara og rota seg vekk, som hadde vore mitt mareritt i over ei veka, viste seg å vera så godt som umogeleg. Me kom oss fram, fann leilegheita og etter ei stund fekk me også på lyset.. |
Etter å ha skumma
igjennom romma, var dommen klar, her gjekk det fint ann å bu, og kosa
oss, joda det var me sikre på at me skulle få til
Dagen etter, altså søndag var gleda stor då me endeleg fekk sjå plassen i dagslys, og enda større då me fann bassenget. Her kom me vertfall til å bruka store delar av tida vår. Resten av dagane blei faktisk brukt ved basseng kanten, og til shopping i butikkane som hørte til plassen. |
Tysdagen tok me oss
ein tur inn til Porto Rico, der mangla det ikkje akkurat på butikkar.
Porto Rico shoppingsenter som det blei kalla, var ein mengde butikkar
samla på ein plass under open himmel. Der
hadde dei mykje forskjellige ting, men for det mesta var det suvenirar som
var å finna.
Her var me på eit gatekjøkken der eg og pappa, bestilte ein ekstremt sterk pizza, me merka ”litt” seint at det faktisk var chili som var på han og ikkje paprika som me først trudde. Tross det fæle veret me hadde høyrt om. Fredag var me inne på eit hotellområde som var laga av Bjørn Lyng, han hadde ei skikkelig herleg badestrand, med kvit fin sand. Onsdag og torsdag blei brukte til bading i bassenget og soling på kanten, seinare på torsdag kvelden var me på nettcafe. Der sjekka me avisene, slik at me fekk med oss litt av ”galskapen” som skjedde her heima. |
Uheldigvis var
store deler av klassen på handballtrening , så det var svært få som
var inne på msn’en. Men nokon var det, og eg må sei det var svært
godt og få høyra at det gjekk bra her heima Tross det fæle veret me
hadde høyrt om.
Så kom Laurdagen og dagen var kommen for å reisa heim igjen. Som dykk nå sikkert har forstått, styrta ikkje flyet på vei heim heller. Faktisk så gjekk det knall bra begge veier og eg enda ikkje opp på LOST øya som frykta. Ta turen til Bahia Feliz folkens!
|
| Bla
i avisa: |
|||