Kjekt med kjøken        

Skulekjøkenet pussa opp
Heimkunnskap er eit fag dei fleste elevane likar og finner seg til rette i. Derfor var det ei hyggeleg gladmelding når skulekjøkenet skulle pussast opp.

Foto og tekst: Stine Sandvold

I vår blei kjøkenet på Skånevik Skule pussa opp. Kjøkenet var frå før gammalt og slitt det hadde ikkje vorte pussa opp sidan 1965, altså ikkje pussa opp på 40. Så det var på høg tid at det blei endra på. I vår blei det meste tatt hand om, ein kjøpte nye kjøkkeninnretningar, nye vaskar, det vart lagt nytt golv og kjøpt nytt utstyr. Nye omnar var kjøpt tidlegare. No er skulekjøkkenet i tipp topp stand og elevane stortrives med heimkunnskap.

Heimkunnskap
Heimkunnskap er eit fag der ein lagar mat, bakar, vaskar og stryk klede.
Det er i klassane 6. og 9. elevane har dette faget. Elevane får då utforske forskjellige matrettar, dessertar og bakverk. 

I fôrvegen går to elevar ned og handlar ingrediensar til det ein skal lage. På kjøkkenet er det strenge reglar, jenter må ha strikk i håret, alle må ha forkle på seg og ein må vaske hendene grundig før ein begynner med maten.. Elevane blir delt opp i grupper på

4×4 og nummererte med nummer frå ein til fire. Einaren skal lage middagen, toaren skal lage salat/saus/dessert eller liknande, 3 skal bake og firaren skal vaske og stryke klede, dekke bordet , sette på plass og ta ut av oppvaskemaskina. Når maten er ferdig set ein seg og spis.

 
Marthe og Kristine tar klesvasken

Etter på må ein vaske opp å rydde etter seg.  Bakverket får ein eventuelt med seg heim.

Spesialtilpasing
Det er no også lagt spesialbenk og kjøpt inn spesial utstyr til rullestolbrukarar. Slik at dei og kan få vere med og lage mat. I den samanhengen har eg intervjua Kai Henrik som går i 9. klasse og har Heimkunnskap dette året.

Kantine
Dei siste åra har det vert kantine på skulen. Det er det 10.klassingane som har stått for og det er det i år også. Dei står då på skulekjøkenet og sel boller, pizza og diverse drikke. Elevane tykkjer dette er kjempeflott og gleder seg til kantina opnar tysdag 8. november


Arthur vaskar gjerne opp



Johanne gler seg til mat
  
Slår eit slag for tyrkiske kjøttboller
Intervju med Kai Henrik Berge Skjold


Kai Henrik             Foto:Johanne

Tekst: Stine Sandvold

Kva synes du er gøy med heimkunneskap?
- Det å få laga forskjellige matrettar og skjera grønsaker.

Kva synes du om dei nye reiskapane og bordet som er tilpassa deg?
- Det er kjekkare og betre å laga mat.

Følar du att det kunne vorte gjort meir så du kunne fått det betre på skulekjøkkenet, med tanke på utstyr eller spesialtilpassing ?
- Bordet kunne vert litt høgare.

Kva likar du å lage på kjøkenet?
-
Tyrkiske kjøttboller.

Er heimkunnskap eit fag du ville hatt meir av?
- Ja, det er lite å berre ha det i 6, og 9 klasse.

Kva synes du om kjøkenet no som det er oppussa?

- Fint. Det er blitt kjekkare å vere der.

Har du ei oppskrift du vil anbefale til lesaren?

- tyrkiske kjøttboller!

Oppskrift på Tyrkiske kjøttbollar ( 2 pers. )
 250g kjøtdeig
1,5 fersk loff utan skorpe i småbitar
1 egg - 2 fedd kvitlauk finhakka - 1/2 liten lauk finhakka - 1/2 ts salt - 2 krm pepar - 2 krm karve - 1 ts malt koriander - 1 ms sitronsaft - 1/2 liten chilipepar finhakka - 2 ms olje

1. Bland kjøtdeig med loffbitane.

2. Tilsett egget og bland godt.

3 .Ha i kvitløken, løken, saltet, kryddera, sitronsafta og den finhakka chilipeparen. Rør godt.

4 .La gjerne farsen kvile i nokre minutt førdu formar han til ca. 10 runda bollar.

5 . Steik bollane pent brune i olje. Server dei tyrkiske kjøttbollane med pitabrød eller ris og ein tomatsaus til( spagettisaus frå pose passar godt). Rå løk og friske krydderurter eller salat høyrer også med.

Bla i avisa:  Framsida  Side 2   Side 3  Side 4  Side 5  Side 6  Side 7  Side 8 Neste side  Forrige side