Besøk i Milja


Traktoren er eit viktig hjelpemiddel for Magne
  Skånoposten har besøkt Milja gard ved Skånevik sentrum.  Vi har intervjua Magne Olseth som driv den store og flotte garden saman med kona Margareth.

Tekst og bilete Kai Henrik

Har doken mange maskinar og redskap?  
- Ja, ein god del som er  nødvendige og nyttige for drifta av garden? 

Kva traktor bruker doken mest? - John Deere  

Kva tid på året gjødsla doken?
-  Om våren og etter haustinga om sommaren,   Litt på beitene om hausten. 

Likar du dyr?                               
- Ja, det er kjekt med dyr.  



Det er alltid kjekt å besøka Milja


Vi fikk også helsa på desse

Er gjessene farlege?  
- Nei, men det er ubehageleg visst dei blir sinte og bit

Kor ofte gir du dyra mat?
- To gonger for dagen når dei står inne 

Kor mange dyr har doken til saman?
- 80 storlevandes, 10 sauer + mange fuglar

Kva er hobbyen din?
- Jakt og friluftsliv


Elevrådet
Denne hausten har det blitt total forandring i elevrådet, bortsett frå at Tommy fortsatt er sekretær. Kristine er blitt den nye leiaren vår og Daniel, Charlotte, Elise og Sondre er alle nye representantar frå klassane frå 5 til 8 klasse.

Ein av dei sakene elevrådet har valt å gjennomføra frå i fjor, var forsøket om å få skulegenserar til skulen. Dei er nå bestilt, og dei ligg forhåpentleg snart i postkassen vår.

Ein annan ting me har jobba litt med er pingpong bordet som me snart vil få på skulen vår. Dersom ting blir som me har tenkt, vil me få to bord, eit i mellomtrinnet og eit i ungdomsskulen. Me har også prøvd å få tak i fotball til alle klassane på skulen. Me veit enno ikkje heilt korleis det går med den saken…

Elevrådsleiar, Kristine


   

 

   

     
Volleyball i matfriminuttet

No er det vedtatt at elevane på ungdomstrinnet skal få spela volleyball inne i gymsalen i 
matfriminuttet. Det syns dei fleste er kjekt, og det er godt å få vera inne når det er så kaldt 
som no.

Riding for funksjonshemma


Angelica og Jacob

Eg har valgt å ha eit intervju med Angelicaslik at eg kan informere dykk om kvifor og korleis ridning hjelper funksjonshemma.

Tekst og bilete: Mari K

Kor gammal er du?
–21 snart 22år.

Kva tid begynna du å interessere deg for hest?
–Fra dag ein, eg tok heilt av som 14 åring!

Har du eigen hest?
–Ja, eg har to stk. og leier ein.

Kor mange hestar av dei som står på stallen er dine?
- Me har tre i utgangspunktet, to har flyttet med sine til skule og ein leier.

 

Korleis hjelper ridning funksjonshemmede?
- Det hjelper fysisk også gjelder det psykisk på selvtilliten og kontrollfølelsen over at
dei kan kontrollere noko. Og dei får følelsen av at dei er med på noko.

Har det blitt nokon forandring på dei som rir fast?
- Ja! Veldig, det merker seg fra gang til gang!



Er det mange som rir fast?

-Ja, eg har sju stykker som rir nå.

Bryr hestane seg eller tenker dei liksom ” jaja, ein vanleg leietur igjen…” ?
- Dei hestane så eg har dei bryr seg, og når dei har ungar på ryggen blir dei meir tolerange og forsiktige, dei kan av og til stoppe opp for å gi beskjed om at rytteren sitter ikkje heilt rett og dei går meir forsiktig i nedover bakkar.

Hjelper det hestane også?
- Nei, egentlig ikkje men dei blir meir tålmodige.

Er det same for ka for ein rase du bruker?
- Nei, eg skifter på hestene til
kva slags mål me har til dagen. Eg bruker fast hest i begynnelsen heilt til at rytteren føler at det går bra.

Trivs du?
- Ja! Masse, eg trivs kjempe godt på grunn av at eg ser så stor framgang, å dei positive tilbakemeldingane!

Får du nokon respons eller kommentarar fra foreldra eller rytterane?
- Ja! Faktisk mye positivt fra foreldre om at dei merker forskjell og framgang på ungane sine, ingenting negativt!

Bla i avisa:  Framsida  Side 2   Side 3  Side 4  Side 5  Side 6  Side 7  Side 8 Neste side Forrige side