Sjefen, rett på sak |
|
||
Tekst og bilete: Arthur Hansen Kva tid starta du å jobbe her? Kor mange arbeider her? Kor mange avdelingar har de? Kor månge år er aldersheimen? Kva tid bygde de om og utvida? Kor mange pasientar er her? |
Kor kjem pasientane ifrå? Korleis er det å jobbe her? Kva utdanning, treng ein ha til dei ulike jobbane her? Er det lett å få jobb her? Takk til Inger Marie for intervjuet! |
|
|
![]() Skånevik omsorgssenter sett frå hovudvegen |
Nytt mediarom
på skulen
|
![]() |
|
|
|
|||
| Fantastisk utsikt 1200 m.o.h | |||
| "Fantastisk!
Fantastisk fjellformasjon!”
Tekst: Johanne og Marthe Ca 30 elevar, med lærarar, sette kursen for Ulvanåso tysdag den 18. oktober. Det var strålande vêr, og turforholda var gode. Alle måtte stilla opp på kaien 08.30 om morgonen, for å nå ferja som gjekk 08.40. Bussen gjekk så vidare frå Utåker, opp til Tveitedalen, der turen starta. Me begynte å gå på ein grusveg, som fylgde eit vatn. Så blei vegen brattare og me gjekk inni skogen. Etter vel ein time med aktiv gåing kom me fram til Dyrrind (ei hytte), der me tok ein lengre pause. Der var det eit lite vatn, så det var mogeleg å fylle opp flaskene. Då me begynte å gå igjen, var landskapet forandra, Etter endå eit stykke, forandra landskapet seg igjen. Me gjekk i ei enorm steinrøys, og det var nesten ikkje teikn til dyre, eller planteliv. Landskapet var nokså einsformig, men det gjekk greitt å finne fram, sidan heile vegen var merka med raude T-ar. Då me kom lengre opp på fjellet, blei det meir spanande, men også litt skremmande natur. |
![]() Erfaren turleiar På eine sida av fjellet var det stupbratte fjellskrentar. Etter ca tre og ein halv time var alle på toppen. Det var utruleg å stå på toppen og sjå på utsikta. Me kunne sjå utover mot Skånevik, deler av Kvinnherad, Melderskin, Englafjell, Mjelkehaug, Halsnøy, Stord, Bjoa og Tittelsnes. Og somme påsto at dei kunne sjå like til Bergen! Etter ein flott pause på toppen , begynte me på heimvegen igjen. Då visste alle kor dei skulle gå, så ein kunne bestemme farten sjølv. Berre eitt par timar seinare var alle nede på bussen igjen. Så køyrde me ned igjen til kaien, og tok ferja heim i 5-tida. For nokre av elevane var dette første turen på ”Nåso”. Men skulen hadde òg ein tur for to år sidan, der dei fleste elevane som no går i tiande og niande òg var med. Inntrykket av turen, var at alle hadde det kjekt, og fekk ei oppleving dei kjem til å hugse. Det fekk i alle fall me! |
![]() Utsikt frå Ulvanåso
|
|
| Bla
i avisa: |
|||